Handoppmating

Det å gå inn å overta foreldrerolla og gi mat til ungar for at dei skal bli tamme, er noko eg er STOR motstandar av. Handmating skal etter mitt skjøn gjerast kun når det er snakk om å berge liv. 

Det kan ver ein nyfødt unge, der foreldra er uerfaren og ein ikkje har back-up par. Då kan ungen bli gitt eit par dråpar med mat nokre få gongar slik den får meir styrke til å skrike etter mat i håp om å vekke instinkta til foreldra. Nokon gongar lykkast det, andre gongar ikkje. 

Når alt går feil av ulike grunnar og ungane kanskje er komen seg til ca 3 veker, og dei vil dø om dei ikkje får mat, då går eg også inn og prøvar. Hilltil har det vore nødvendig kun ein gong i løpet av ein del år.

Det finnes ikkje noko betre og rett samansett mat enn det foreldra gir ungane sine. Ungar som er handmata, har ein tendens til å bli mindre. Dei får heller ikkje viktige antistoff frå foreldra. 

Temming er noko ein må jobbe med kontinuerlig med, og ungane er slettes ikkje ferdig temma når dei er 6 veker gammal. 

Den som matar er eit substitutt for dei rette foreldra og ungane knyter seg til den personen. Ei periode.  Fuglar skil på folk. Det er lukt, stemme og sikkert meir dei sensar. 

Kullet eg handoppmata, var komen seg til 3 veker. 

Eg hadde liggande Harrisons Juvenile handoppmatingsfor. 

Heilt i starten blanda eg litt pulver i vatn, varma det opp til ca. 38-40 grader, der konsistensen var ganske tyntflytande. 

Eg gav det med teskei og gjekk inn på sida av nebbet og "benda" det forsiktig opp, slik dei skulle få smake ein liten dråpe. Håpet var at dei skulle forstå at det var mat, sjølv om både lukt, smak og konsistens var feil i forhold til det dei var van til.

Eg visste frå før av, at ei på Undulater.no hadde måtte handmate eit kull omtrent ved samme alder som mine. Henna erfaringar var at bl.a. temperatur var veldig viktig. Ca 38 grader var det idèelle, og blei det for kaldt, ville dei ikkje ha det. 

Mine tre ungar var veldig ulik. Den eine slukte maten omgåande. Nr 2, jauda, den tok nokre bitar no og då. Nr 3, den måtte eg virkelig lirke i mat for å overbevise. Eg synes å huske det tok eit par dagar før den fekk dreisen på etinga. 

Nokon brukar sprøye for å gi ungar mat. Det vil ikkje eg. Eg veit at kjem spøryta litt for langt bak mot halsen på fuglen, går maten i luftvegane og dei dør i løpet av sekund. Med så lite er faring som eg har på dette området, fann eg det tryggast med skei. 

Dei fekk mat ca kvar tredje time. Om natta tok eg pause frå ca 24.00 og fram til 06.30-07.00 tida. På kvelds/nattmåltidet fekk dei ein dråpe med sitron i maten. Pausa i matinga, leste eg meg til, var fordi det var viktig å tømme kråsen skikkelig for mat, men også for å unngå oppvekst av sopp. Sitron kan også ver med på å forhindre det. 

Når ungane vende seg til maten og at dei fekk den på skei, lot eg den gradvis få ein fastare konsistens, og eg tilsette også litt eggefor. Eggeforet var kjøpt og det er litt grovare i konsistensen enn det finsikta mjølet sjølve handoppmatingsforet  har. Eg putta av og til inn litt mosa ferske urter. 

Mine ungar blei etterkvart veldig flinke og når dei var ca 4 veker, fekk dei mat ca kvar fjerde time. Dei hadde også tilgang til hirsekolbe, slik dei skulle få lære seg å knekke frø sjølv. 

Ungar som er handoppmata er litt tregare å lære seg å ete sjølv, ( eigenerfaring + eg har spurt andre om deira erfaring)

Vanligvis et ungar frø sjølv når dei er ca 5 veker. Det gjorde ikkje mine. Slik eg har forstått det er det ganske vanlig. 

Måltida eg gav blei gradvis trappa ned og når dei var 7 veker, åt dei sjølve. 

Det var innmari med arbeid. Eg kjenner også ei som måtte ta med sine ungar på jobb og få innlagt "ammepause" for å få gitt ungane mat. 

Igjen, dette er ikkje noko vi gjer utan vi snakkar om å redde ungar pga foreldra av diverse grunnar sviktar oppgåva si. 

 

27 jan 17

For andre gong på ein del år, har eg teke inn ein unge til oppmating. Han er fødd 26 des 16. Når han var 2,5 veker gammal, slutta foreldra å mate han. 

Han er nr 2 i eit kull av 5 ungar. Den eldste ungen fekk og får mat, likedan dei yngre. Egentlig er eg vel ganske så sikker på at foreldra sitt instinkt er rett. Noko er gale med ungen. Hadde det vore den første ungen som ikkje fekk mat den første dagen, eller den yngste, ok, det er greit. Men, ein unge midt i kullet? Det stemmer ikkje. 

Likevel lot eg min følelse overstyre foreldra sine instinkt. 

The Flash, som han er blitt heitande ( eller Splash?) har no vore inne til handoppmating i 2,5 veke. Han har frå første stund vore matvrak toltalt. Liten for alderen. Det er noko med eine foten som ikkje virkar heilt som det skal. Eg er veldig usikker på kva det er og om det er noko Flash Splash kan fungere fint med, eller kva det er. 

Av og til er det så forferdelig vanskelig å vite når vi skal gripe inn og ikkje. Egentlig så trur eg egentlig at foreldra her har svaret. 

No er han 4,5 veke gammal og får ver eit par tre timar pr dag i ungdomsburet i lag med andre ungar, for å lære han at han er fugl. 

No får eg berre sjå dei neste 2-3 vekene om eg har tulla med naturen sin gang, i beste meining, men likevel så feil.