UFS mai 2019

Det er berre å gle seg. Ikkje berre mot ein ny vår, men at det blir samling og utstilling på Vindfjelltunet ikkje langt frå Skien 24-26 mai 2019.

Ungfuglskue er der vi stiller fuglar som neste år har 2018 ringar og 2019 ringar. 

Vi har også åpna for at den som aldri har stild før, og heller ikkje har oppdretta fuglen sjølv, kan få stille i åpen klasse. 

Vi andre, vi stiller i vanleg oppdrettarklasse. 

Sekretæriatet har ein ganske omfattande jobb. Dei skal registrere kvar enkelt fugl og føre på skjema kva farge og mutasjon den har, kjønn og aldersgruppe. Og kva klasse den er i. Australsk? Utstillingsundulat i klasse A? B?

Så skal alle fuglane sorterast og settast i rett gruppe. På laurdagen, då sjølve utstillinga er, kan då dei som hentar fram fuglane til dommar-reolen, finne dei rette fuglane som skal fram då og då. 

Difor møter vi på fredag ut på ettermiddagen ein gong, slik at alt er på stell til laurdags morgen. 

Dette er ei helg vi gler oss til i lange tider og vi har det veldig kjekt i lag. 

Det er ikkje slik at vi er ein lukka krets, men vi ynskjer alle nye hjarteleg velkomen!! 

Du treng slettes ikkje ver redd for å bli ståande utanfor og ikkje forstå noko. 

Det er alltid nokon der som viser til rette og forklarar. 

Har du lyst å bli med og er litt nyskjerrig på kva dette er? 

Berre sett av helga! 

P.s, det blir også mogeleg å få kjøpt fuglar. Liker