Kjønnsbunden recessiv arv

 

KJØNNSBUNDEN RECESSIV ARV er heilt annaleis.  Når den arva blir gitt vidare, så går den på kryss av kjønna. ( dvs. nesten)

Ein far vi gi det til døtrene sine, slik at vi ser denne mutasjonen. Så vil han gi det vidare til sonane sine, men det viser ikkje. Sonane vil då bli splitt ( berar) av genet.

Dette betyr igjen, at hannar kan bere desse gena skjult. Det kan ikkje mor. Har mor dette genet viser det.

Mor vil ikkje gi dette genet til sine døtre, men til sonane sine. Sonane vil bere det skjult.

For at både døtre og sonar skal ver synlig ein kjønnsbunden mutasjon, må mor ver det og så må genet samtidig kome inn frå farsida. Enten at han ER det,eller at han ber det skjult.

 

Kjønnsbundne mutasjonar

Opalin

Ino, ( fellersbetegnelse for albino og lutino)

Isabell

Texas Clearbody

Lacewing

 

Arv/enkel formel kjønnsbunden arv (KB) 

han KB x ho KB = 100% KB

han KB x ho normal = nt/KB hannar og KB hoer

han normal x ho KB = normal/KB hannar og normale hoer 

han normal /KB x ho normal= 25 % KB hoer, 25 % splitt KB hannar ,25 % normale hoer, 25 % normale hannar

hann normal/KB x ho KB = 25% normal/KB hannar, 50% KB begge kjønn. 25% normale hoer.

 

Unntak; TC i lag med ino. TC dominerar over ino. Ino i lag med lw. Ino dominerar over lw

 

Vi har fleire mutasjonar enn det som er skriven opp her.

Rainbow er forsåvidt ingen mutasjon i seg sjølv, men ein kombinasjon av fleire mutasjonar. (gul maske opalin lysvinge kobolt/violkobolt eller himmelblå)

DEC-svartaugde er også ein kobinasjon av to mutasjonar ( hb/db + db) .

Anthrasitt er ikkje medteken, heller ikkje slate, skifer og Easley Clearbody. 

Anthrasitt har vi nokre få av her i landet, men eg kjenner ikkje til at nokon har skifer eller slate. 

Easley Clearbody kan vi kanskje ha, utan at eg kjenner til nokon. Men eg veit at den kjem til Norge om ikkje så alt for lang tid.