Tips.

På den første utstillinga eg deltok på, hadde eg fått litt input på korleis eg kunne trene fuglane mine. Eg kan vel ikkje sei at eg trena så veldig mykje med dei og eg oppdaga at det hadde nok ikkje vore så dumt å gjort meir ut av treninga. Og, det var ikkje vanskelig å sjå at det var mange fuglar som var veldig fortruleg med folk og hadde blitt jobba med.

Etter det bestemte eg meg for å bruke tid på treninga.

Alle har sine måtar å trene på. Nokon trenar mykje, andre ikkje like mykje. Etter å ha fått tips frå andre korleis dei gjer det, har eg teke med meg dei som eg kjenner fungerar fint for meg og mine fuglar.

 

TRENING

På seinvinteren/tidleg vår ligg det ei spenning i dei ungane eg har bite meg merke i ved 4-5-6 vekers alder. Vil dei utvikle seg slik eg gjorde meg tankar om? Eller vil nokon av dei som eg kanskje tenkte «nja, tja», gi meg positive overraskingar?

Eller kanskje blir det som i fjor? Ei eg hadde tenkt som reservefugl var faktisk den nest beste eg hadde med? Ho er berre ei av dei som ikkje utviklar seg så fort, så eg såg ikkje det som dei erfarne greidde å sjå.

 

Eg startar treninga med å sette ei gammal slitt utstillingskasse inn til alle fuglane i løpet av mars.

Luka på kassa står open og eg legg hirsekolber eller andre ting eg veit mine fuglar likar godt inn i kassa. Då får den som vil gå inn å forsyne seg. Noko meir gjer eg ikkje i starten.

Eg har såklart kikka på ungane heile vegen sidan dei var nokre få veker gamle og gjort mine tankar. Men det er først på denne tida eg let tankane bli meir handfast og tenker, du kan ver aktuell, du og du, men ikkje du? Og eg bestemmer og ombestemmer meg.Ha ha

Når kassa har stått i fuglerommet eit par tre veker, med stadig påfyll av snacks, er det å hente fram fleire kasser.

No blir to og to fuglar som eg har sett har god kontakt med kvarandre, sett i kasser som eg har putta snacks i. Eit par tre gongar i veka er nok mht. treninga. Dei er heller ikkje inne i kassa lenge om gongen. Kanskje 30 minutt heilt i starten og så aukar eg forsiktig opp tida dei er i den.

Når eg ser dei er fortruleg med kassa, brukar eg ein liten pinne som eg trer gjennom sprinklane i kassa og prøvar å få fuglen opp på den. Dette tek litt tid hos nokon og tolmodigheit er nødvendig.

Andre igjen tek det lett som berre det og ein skulle tru dette er noko dei har trent på sidan dei var små ungar.

Når fuglen/ane godtek pinnen, fører eg gjerne fuglen frå den pinnen og over til eine faste sitjepinnen som er i kassa, eller mellom dei to faste. Eller sett dei seg på golvet, fører eg dei opp på pinnen igjen. Å ver roleg, bruke lirking, lokking og mykje ros er ganske så lurt.

Like før utstillinga sett eg ein og ein fugl i kassa. Igjen med hirse o.l, og gjer det samme som når dei er to i kassa.

 

Vatn gjer godt for både hud og fjører og dei fleste undulatane er glade i vatn. Ein liten dusj med ei dusjeflaske nokre gongar i veka gjer berre godt. Det gjer eg også under treninga.

Nokon gir fuglane sine E-vitamin som gjer godt for fjørene. Mine får tran som er godt rista ut i frøa. Det inneheld både A-D og E-vitamin. Dette gir eg dei eit par gongar for veka på denne årstida. Etter å ha brukt det ei stund, opplever eg at det gir god drahjelp når dei er i full felling.

 

Eg må også huske å ikkje gi grønsaker o.l dei siste to vekene før utstillinga,som sett farge i maska på fuglen, som f.eks gulrot og paprika.

Det tenkte eg ikkje over den første gongen eg deltok og den eine eg hadde med meg var ganske grøn i maska. Ein anna var ikkje heilt ferdig med fellinga og hadde litt blod i hovudet etter at fjørpennane hadde kome ut. Då var det berre å finne vatn å få vaska dei rein så godt eg kunne, -på oppfordring frå dei erfarne.Smiler stort

Det største problemet eg har ang å ver "skitten" e at mine likar veldig godt å grave i molda, og det viser....

 

Som ganske uerfaren er også ein del andre spørsmål som kan knyte seg til trening og utstilling.

 

Er fuglen/ane min god nok? Korleis kan ein trene ein fugl og kva gjer ein? Kva med utstillingskasser? Kva om min fugl er i full felling/myting og kanskje akkurat er i skifte av halefjør, slagfjør osv?

Tenk om ikkje min fugl vil sitte på pinnen akkurat i det dommaren skal vurdere den og den sett seg på golvet og lagar eit skvare spetakkel og vil ikkje samarbeide i det heile?

 

På LU i Drammen 2015, og mi første utstilling, gjorde nettopp min Rav det siste. Han er ein skikkelig friskus som er veldig tydelig i språket sitt. Han hadde slettes ikkje lyst å vise seg fram, kjefta som fy og eg følte han overdøyvde alle dei andre fuglane i heile lokalet. Eg kjende berre kor eg seig ned i stolen, blei varm på ryggen og blikket mitt gjekk meir og meir mot golvet og hadde lyst å late som han ikkje var min. Men kva hjalp det liksom? Nummeret eg hadde fått tildelt til han var limt på kassa og det stod på skjemaet som alle som deltek får utdelt, og mitt namn stod bak nummeret....Rødmer

 

Dommaren var så flink å handtere han og ikkje minst tolmodig og fekk Rav til å samarbeide dei sekunda han trengte for å sjå det han ville sjå.

I løpet av den utstillinga og utstillinga i Haugesund 2016, har eg sett fleire «Rav-ar». Det er ikkje unormalt i det heile. Fuglane har sine gode og kanskje ikkje like gode dagar, akkurat som vi. Dommarane har opplevd dette mange mange gongar, og dei veit å kunne handtere det.

 

Andre ting å tenke på/vurdere

 

I fjor trena eg jamnt med 9 fuglar. 6 av dei blei med på utstillinga. Kvifor tok eg ikkje alle med?

Det står at fuglen skal ver i kondisjon. Det har ingenting med å ha god kondis. Det betyr at fjørdrakta skal ver glansfull og fin og alle fjørene på plass. Dei skal strutte av vitalitet og vise seg frå si beste side.

I nokon tilfelle kan det nok ver litt vanskeleg å danne seg eit inntrykk av ein fugl som er i full felling/myting.

Nokon fuglar ser rett miserabel ut i denne perioda, og det er ikkje uvanlig at dei kan bli litt ute av lage.

Tek folk med seg fuglar som ikkje er i topp kondisjon? Ja, det gjer dei. Det kan mangle ei halefjør der ei ny såvidt er begynt å kome ut. Hos andre kan ein sjå at ei slagfjør er på veg ut igjen og der fortsatt er litt fjørpennar på hovudet. Nokon kan mangle ein spot eller to. Ha feil farge på halefjøra, eller ha flecking (svarte flekkar/fjør) i hovudet.

På Norsk-Undulatklubb si heimeside står det beskrive korleis ein fugl skal ver på ei utstilling. Det gjeld både dei australske og utstillingsundulatane.

Slike småfeil som er nemnd ovanfor gir poengtrekk.

 

Eg har ikkje lang nok fartstid til å vite om den eine eg tok med i juni 2016, er den mest flecka som har vore på eit utstilling. Dommaren drog i allefall godt på smilebandet og kommenterte det. At han kom sist i si klasse var eg også førebudd på, pga denne feilen. Det som var viktig for meg var at eg fekk bekrefta det eg sjølv meinte, fuglen var god den.

 

Dei tre eg ikkje tok med, var ikkje særleg presentabel akkurat då. Dei gjekk inn i felling like før eg skulle reise. Den eine fann på han skulle skifte halefjør dagen før eg reiste. Eit par andre streva med å få ut dei nye fjørene bl.a på hovudet. Egentlig såg dei ikkje ut i det heile.

Kunne eg teke dei med? Ja, eg kunne det men eg hadde andre å velge i mellom. Med ei så lang reise prioriterte eg dei eg synes var mest presentabel.

Det er litt som skal klaffe. Det å vite når dei kjem i felling eller om dei rekk å blir ferdig, er ikkje noko ein greier heilt å berekne. Difor jobbar ein med fleire enn dei ein tek med, og håpar det beste. Mange har nok opplevd at den beste fuglen, den sitt igjen heime denne gongen.

Det kjem nye sjangsar seinare på året når det er LU. Eller neste år.

Mest sannsynleg tek eg den endelege avgjerda av kven eg tek med kvelden før eg reiser. Trur eg.

Ingen fuglar er perfekt. Det finnes små feil og det finnes litt større feil. Det handlar kanskje om kven som har minst feil, har ein god dag og fell i dommaren sin smak?

Utstilling er kun 2 dagar i året. Ei på forsommaren og ei om hausten. Dei resterande dagane av året som vi desidert har mest av, er det trivselen til og med fuglane, liten som stor, feil eller ikkje feil, som er aller aller viktigaste. Liker

 

Bilder blir lagt inn etterkvart der eg kanskje kan få vist litt om kva som er rekna som feil. Bl.a flecking, manglande spottar, full felling/myting, feilteikna osv.