Selleri. Ikkje alle som har like lyst å dele. :-)

Kosthold o.l

For ein del år tilbake var det ganske vanlig å ha ein fugl i eit lite bur på stua, der dei fekk frø og vatn.

 I dei seinare år har dette forandra seg.

Det er veldig fint at dei har god plass i buret, og at vi brukar naturpinnar/greiner frå f.eks. selje, bjørk, rogn, or eller epletre. På vinteren, puttar eg gjerne inn greiner av einer, gran og furu til dei. Gjett om dei kosar seg med å plukke av nålene! Og får dei det inne, betyr det tett støvsugar etter kort tid. Smiler stort

Å bruke naturgreiner gjer godt for muskulaturen i føttene, og ikkje minst er det godt å gnage på. Her er det selje som er mest populært, og dei barkar store greiner på eit øyeblikk. 

Når det gjeld mat, så er pellets er rekna for å ver ei god matkilde. Men med ein stor flokk, er dette ikkje mulig, -kostnadsmessig.

Frø er heilt greit, dersom dei også får grønnsaker/urter og evt frukt. 

Men, når årstida tillet det, kvifor ikkje nytte det vi finn i naturen?

Løvetann, både blad og blomster er trygt. Vassarve er megapopulært her, og for ikkje å snakke om blåbærlyng! Når dei får nyplukka grasstrå/aks, er det skikkelig liv i leiren.

Dyrkar du urter i hagen din, så la fuglane få ein smakebit. 

Boccoli er ikkje så dyrt. Heller ikkje litt gulrot. 

Dette gir vitaminar til fuglane og dei får allsidigheit i kosten. Det har eg tru på. Men, samtidig, dei treng ikkje å få det kvar dag. 

Nokon gongar får dei det ein gong i veka. Andre gongar blir det oftare. Vår, sommar og haust, når det bugnar ute av ting vi kan hente, kan dei gjerne få noko fleire gongar i veka. 

Det vi ikkje skal gi dei er rå poteter, kål, løk og avocado.

Dei kan også få godt kokte egg, ( også skalet), som er ei kilde til protein og kalcium.

Vi får kjøpt eggefor, som er heilt fint å gi dei. 

For å dekke kalciumbehovet, gir eg dei også kalkstein, sepiaskal og mineralsteinar. Eg har også ein stor lavastein, berekna for akvarie, som heng i volieret. Lavastein inneheld mykje mineral. Fuglane likar den. Virkelig! 

 Hirsekolber er ikkje fullverdig mat, men ala laurdagsgodt som dei kan få i dann og vann. Mange brukar det som lokkemiddel i temmingsprosessen.   

Nokon gongar blir det laga litt ekstra kraftkost til dei. Det kan ver at dei er i hekk? Eller at eg av ein eller anna grunn tenker at dei treng litt ekstra. Som f.eks. ved hard myting. 

Oppskrifta har eg fått av G. Jensen, NUK

 

OPPSKRIFT KRAFTKOST

ca 1 dl rå lettkokt havregryn

2-3 rå gulrøtter

2 hardkokte egg, med skal

Dette køyrer eg i kjøkkenmaskina

Eg let det stå i kjøleskåpet i ca 4 timar, slik havregryna skal bli gjennomtrekt. 

Like før eg gir dei dette, tilset eg ein liten boks med mais. Og gjerne selleri. Dette fordi mine er virkelig hekta på selleri og mais. Då kan eg lure i dei litt til, som dei kanskje i utgansgspunktet er litt skeptisk til

Det går godt an å bruke ferdig eggefor i staden for hardkokte egg. 

Det dei ikkje et den dagen dei får dette servert, blir kasta. 

Våtfor skal ein ver litt obs på at det fort blir surt og det er ikkje særlig bra for fuglane. 

 

Dei som har drive med oppdrett av utstillingsundulatar, har svært god erfaring med hvetekimolje under hekking. 

Tøm vanlige frø i ei 2-liters isboks, men ikkje fyll boksa heilt opp. 

Ha i ca 1 ss med hvetekimolje. Ha lokket på boksa og rist kraftig og lenge, slik olja får blande seg godt inn i frøa. 

Dette tåler å stå ferdiglaga i ca 1 veke. 

 

Ei anna god kilde til bl.a. protein er spirafrø.


Du kan bruke vanlig fuglefrø, men villfuglblanding som dei har på Spar, er godt egna. 

Kor mykje frø ein spirar, kjem an på kor mange fuglar ein har. Tøm frø i ei passe stor skål eller fat. Skyll frøa godt i vatn, og så let du frøa ligge i litt vatn. Dekk fatet med gladpack. Det kan godt stå på kjøkkenbenken.

Dagen etter skyllar du frøa grundig i vatn. Bruk gjerne ei mjølsikt som du tømmer frøa over i, slik dei blir skikkelig gjennomskylla. Kanskje det allereie har blitt bittesmå spirer på frøa no? 

Ha frøa tilbake på fatet og dekk med gladpack igjen. 

Dagen etter skyller du grundig igjen og dekker frøa til igjen. Det er lett å gå mugg i dette, så ikkje juks med skyllinga. Skyllinga er svært viktig og det er viktig at frøa ikkje tørkar ut.

Du kan godt gi dei frøa frå dag 1. Men på dag 3, skal det ver mange fine grøne spirar på frøa. 

Servèr fuglane dette. Du kan gjerne drysse på friske urter eller noko anna fuglane likar.

Det dei får servert, skal heller ikkje bli ståande og må fjernast før det har gått eit døgn. 

Nokon spirar hirse og bruker tilsvarande prosedyre. 

 

Skjelsand er eit tema som stadig er oppe. Eg har ikkje fasitsvaret på det. Eg gir mine skjelsand som er henta i fjøra. Eg skyller den godt i sjøvatn og luft-tørkar den og gir dei.

I periodar verkar det som dei har eit stort behov for denne skjelsanden, eller saltet? Hittil har eg ingen negative erfaringar med å gi dei denne. 

Folk frå innlandet som har vore på besøk her, har fått med seg skjelsand heim til sine fuglar, og eg har forstått det slik, at dei også har svært god erfaring med denne sanden. 

 

Forebyggande tiltak.

Mange oppdrettarar brukar urter og krydderplanter forebyggande for å fremje helsetilstanden til fuglane -og dei verker ofte forebyggande, også mot midd og utøy. Kvitløkspulver blir brukt i oppmatingsforet - midd er lite begeistra for dette. Pass på at kvitløkspulveret er utan salt. Bruk 0,5 ts pr 0,5 kg oppmatingsfor. ( eggefor)

Ein anna ting er eukalyptus. Dette er også bra mot insekt. Eukalyptus kan ein kjøpe inn som ekstrakt i flytande form ( frå PLL volieren i Danmark). Det skal blandast inn i vatn og spray fuglane med det.

Det kan også brukast til å blande inn i vaskevantet når ein gjer reint. Eit godt supplement etter klor- og/eller vircon s behandling.

Nokon kjøper inn små eukalyptustre i potter og har det i fuglerommet.

Oregano er også en nyttig ting å ha i skåpet. Det kan kjøpast i pulverform og tilførast oppmatingsforet. Dette er svært bra for mage- og tarmsystemet. Krydderplanta er også veldig grei - du kan hauste av denne, finhakke og putte det oppi oppmatingsforet.

Innhaldsforteikninga på Ropa B, som blir brukt på fjørkre mot mage/tarm problem - viser at innhaldsprosenten av oregano er svært høg.

Ropa B, tenkt til fjørkre er heilt ok å bruke. Eit anna produkt, likt Ropa B er Ropabird ( flytande oljeekstrakt frå oreganoplanta) Det blir gitt som forebyggande i drikkevant tre dagar i veka. Det er tilpassa våre tropefuglar - undulatar. 1,5ml pr liter 3 dager i veka. Dosa blir auka til 3ml for behandlling .

Ropa B eller Ropabird, finn vi på www.gamebird.no

Eplecidereddik kan ein bruke som forebyggande kur mot sopp.

Som kur over 8 veker; 2 ss eplecider-eddik pr. liter vatn. Skift vatnet kvar dag.

Ein kan også gi dei det i vatnet året rundt, men då med ca 1 ts pr 1,5 liter vatn. Vatnet bør skiftast anna/tredje kvar dag.

Eit anna alternativ er Citro-med med 1 ml citro-med pr. liter vatn. Dette gir ein regelmessig. Det held å skifte vatnet anna/tredje kvar dag.

( Kjelde; NUK og med tillatelse)

 

Eg får av og til spørsmål om tre og plantar og om dei er trygge eller giftige for undulatar. 

Personlig held eg meg til nokre få sortar som eg er heilt sikker på. 

Eg fann ei utanlandsk side på nettet, der det er sett opp ei liste over trygge sortar og giftige sortar. Kanskje den kan brukast som ei lita rettesnor?

http://www.parrot-and-conure-world.com/non-toxic-for-birds.html