Recessiv arv

RECESSIV ( vikande)  arv, treng ikkje nødvendigvis å vise på ein fugl. Det betyr at fuglen har genar for ein eller anna mutasjon. Der vi ikkje kan sjå det, sei vi fuglen er splitt for noko. Vi skriv det berre med /. Framom streken står det vi ser, og bak streken står det vi ikkje ser, men veit.

For at recessiv arv skal vise, så må dette genet kome inn frå BEGGE foreldra.

Dette betyr at ein fugl som tilhøyrer dei dominante mutasjonane, kan bere recessive gen skjult.

Dei som tilhøyrer den recessive gruppa, kan ikkje bere dominante gen skjult.

Dette gjeld også forholdet mellom grøn og blå.

 

Recessive mutasjonar

Danskbroka (DB)

Lysvinge og gråvinge har lik "verdi" i forhold til kvarandre, og koblar ein desse i lag, får vi noko vi kallar FBC

Skyggvinge kjem sist og er vikande igjen i forhold til gråvinge og lysvinge.

Fallow ( brunvinge på norsk)

 

Når det gjeld fargar, så har vi egentlig berre grøn og blå. 

Grøn dominerar over blå.

Ein grøn fugl ( dominant) i lag med ein blå fugl ( recessiv/vikande gener) gir grøne ungar, MEN, desse grøne ungane arvar då det blå genet.

Då kallar vi fuglen grøn/blå

I neste generasjon, vil ein slik grøn/blå fugl i lag med ein blå fugl, gi både grøne og blå ungar.

Dette fordi vi no får inn det blåe vikande genet på begge sider. Då får det enkelt sagt, «lik verdi» med det grøne. 50/50.

Vi kan også gjer bruk av formelen under med tanke på grøn, som tilsvarar normal,  og blå som då er rec.  

 

Arv/enkel formel recessive mutasjonar (rec) 

Rec x rec = 100% rec

normal x normal/rec = 50% normal , 50% normal/rec

Rec x Normal = 100% Normal/rec

Rec x Normal/rec = 50% rec , 50% Normal/rec

Normal/rec x Normal/rec = 50% Normal/rec, 25% rec, 25% Normal

 

 

* Når det gjeld dominant arv spelar det  ingen rolle om det er mor, far eller begge som har genet.

* I den recessive måten å arve på, må både mor og far ha det, enten at det viser, eller at   dei ber det skjult.