Min spede start

I 2009 kjøpte eg min første undulat ( australsk) , etter å ha vore utan, sidan mine tidlege barndomsår. Det eg då visste om undulat, var at der var nokon som var blå, nokon grøne og nokon flekkete. (broka)

Ei stund etter melde eg meg inn i eit forum eg fann på nettet og det opna seg ei ny verd. Der var fargar og mutasjonar som eg aldri hadde sett eller visst at dei eksisterte.

Det var ikkje så mange som hadde utstillingsundulatar, men der var i allefall nokre få bilete.

Sant å sei synes eg dei såg litt sint ut med ørneblikket sitt og eg synes ikkje dei var særleg fin. Kanskje ordet er styggfin? Likevel var der heile tida ei merkeleg dragning mot dei.

Etter ein del tilfeldigheiter hamna eit par utstillingsundulatar hos meg. Og eg var seld. Totalt seld.

Vidare tilfeldigheiter gjorde sitt til at eg kom i kontakt med to personar NUK sitt utstillingsmiljø, Tor Even Graasvold og Kjell Olsen.

Der og då streifa det ikkje meg at eg skulle inn i det miljøet. Det verka så alt for fjernt for meg og ei verd som stod for meg som ein slags lukka krets, der eg i allefall ikkje hadde noko å gjer.

Det blei til at eg haldt kontakta med Tor Even Graasvold på telefon, og han og Kjell Olsen hjelpte meg med fuglar, og Tor Even leverte dei. Ikkje berre ein gong, men fleire.

Mange gongar kom praten inn på det med utstilling og eg fekk høyre om blodslinjer, genetikk, gode fuglar/kvalitet. Mykje reiste langt over hovudet mitt, men eg synes likevel det var kjekt å høyre om.

Etter eit tid blei det slik at eg lurte på kva er den greia med utstilling? I fjor haust bestemte eg meg for å gi det ein sjanse. Var dørstokkmila høg før eg kom meg så langt? Ja, det var den.

Turen gjekk til LU i Drammen i oktober 15, som «skårunge» innan utstilling.

 No kan eg ikkje sjå vekk frå at der var ein del som såg eg var som «ein fisk på land», og derfor kjende medynk og verna om og hjelpte meg til rette? Uansett grunn, så blei det i allefall slik at det for min del at eg kjende meg svært velkomen i miljøet og nye kontaktar blei knytt.

Som tilhøyrande på Nordvestlandet, langt unna allfarveg frå utstillingsundulatmiljø og utstilling, kan det mange gongar ver tungt og det er eit stort sakn det å ikkje ha nokon eg kan stikke innom.

Alt skjer via ord, som er noko heilt anna enn å kunne få kome til ein oppdrettar, kunne få sjå, peike, spør, få forklart osv.

Ut frå ord, skal eg igjen prøve å forstå og kunne sjå kva eg blir forklart.

Lift, squere line, nøkkelholfasong, kappe, kort maske, djup maske, store nok spots, buff, stramfjøra, fleck, breidde, haldning, buffalo, rett teikna. Puhh! Fleire ord har vore som gresk for meg og eg har mange gongar lurt på kva i all verden betyr dette og kor finn eg det på fuglen og korleis skal eg kunne sjå kva???

Først når eg kom meg på utstilling, har alle desse orda gitt skikkelig meining.

Sjølv om eg er i ein utkant er eg også svært heldig og får mykje hjelp. Ikkje berre av ein, men av fleire, som tolmodig forklarar meg ting eg lurer på og deler si erfaring. Dei hjelper meg også med fugl som dei ser eg har behov for, for å kome meg vidare. Dette gjer sitt til at eg har lyst å utforske dette meir og delta på fleire utstillingar. Utan denne støtta, hadde eg nok ikkje hatt like lyst å delta.

 

 

 

 

 

Korleis starte med utstillingsundulat?

Først av alt, engelsk og utstillingsundulat er det samme, sjølv om ein kan sjå at mange trur det er ulike type fuglar. 

Arild Skimmeland har skrive ein fin artikkel om det å starte med utstillingsundulat, på Norsk Undulatklubb sine venner si på FB.

Utan eg visste det har eg gjort slik det blir rådd til. 

Finn ein oppdrettar eller to som er seriøs og som du har ein god dialog med. Hold deg til den eller dei over tid og ikkje kjøp fuglar frå kreti og pleti og fyll opp fuglehuset ditt med ein gong. 

Lytt til råd av dei som har erfaring. Det er også lurt å kunne skilje litt mellom dei ulike mutasjoane. 

Kan du få tak i f.eks 5 hannar og 10 hoer til å begynne med, har du eit flott grunnlag. Hannar av god kvalitet er som regel ganske greitt å få tak i. Hoer har stor verdi for oppdretterar, og kan ver litt verre å få tak i. 

Besøk ein eller fleire oppdretterar som driv med utstillingsfugl. Det er då du lærer best. Nettet bør ver berre eit supplement. 

 

Det blir sagt at det er så vanskelig å få tak i utstillingundulatar. Dette er ikkje mi erfaring i det heile. Det finnes fugl å få tak i, men den beste årstida å få kjøpt fugl, er nok når det lir på våren. Då veit oppdretterane som regel kva dei har til overs etter ein hekkesesong, og mange strekker seg langt for å hjelpe. Både med fugl og praktiske råd. 

Ikkje forvent deg å få starte med undulat av topp kvalitet med ein gong. Gi deg litt tid å erfare og lære, så kjem det etterkvart.  

Er du interessert i utstilling, nytt sjangsen til å reise på ei utstilling for å få med deg kva som skjer. Det er veldig lærerikt og du knyter kontaktar. Om du sjølv vil. 

Står du ikkje som medlem i Norsk Undulatklubb, meld deg inn. Der får du også kjøpt ringar. Fuglar som skal stillast, skal ver ringmerka. 

Skulle du befinne deg her på mine trakter, er du hjarteleg velkomen til å kome å sjå på mine fuglar. Litt erfaring har eg gjort meg. Sjølv kor subjektiv eg er mht. mine fuglar, greier eg i allefall i grove trekk å både vise og forklare forskjellen mellom ein god fugl og ein ikkje så god fugl. Kul

Det er berre å ta kontakt. 

Bor du på andre kantar av landet, så veit eg stort sett kven det er som driv med utstillingsfugl, og kan kanskje hjelpe deg vidare.