11. jun, 2019

11juni 2019

Det er sommar, sjølv om temperaturar ikkje er heilt einig i det. 

Men, det er lyst heile døgnet, sol, regn, sol og meir regn. Ikkje så varmt. Fuglane stortrives og dei fleste er no i hekkemodus. Som naturlig er når dei stort sett lever ute året rundt. 

I Australia hekkar dei når det er regntid og frodig. Tilgong på ulike grøne vekster, frø, bark osv, er stor og luftfuktigheita er høg. Om det ikkje er det samme haer, kan vi kanskje dra litt parallellar?

Eg har hatt ein del diskusjonar med meg sjølv. Skal eg snu om på heile hekkesesongen å la den starte no og heller ha hekkepause vinterstid? 

På pluss-sida er at hekkemoduset er der det skal ver i forhold til årstid.  Tilgongen på variert grøn kost er mykje større no enn på vinterstid. ( sjølv om eg kjøper grønnsaker til dei om vinteren) Det er ganske mange timar kvar veke som går med på å halde reint. Om vinteren, er det kaldt og eg er ganske avhengig av veret når eg må ut med ting å spyle, vaske og tørke. Det må eg kvar veke. Tidlig sommar til seinhaustes, er det med reingjering lettare. 

Utstillingsmessig er det litt pø om pø. Om eg startar runde nr 1 no, vil dei evt. bli derby neste år, men kull nr 2 vil få dei nye ringane å gå under ungfugl. 

Vi har ikkje lagt nokon store planar for sommaren der vi blir vekke ei eke eller to. Kun litt småturar, så kanskje skal eg rett og slett berre teste ut dette i år å sjå kva erfaring eg gjer meg i staden for å starte hekkinga om hausten? 

Oppsummert akkurat i år, ser det ut som at oppstart no er på pluss-sida....