30. apr, 2019

30 april 2019

Det er lenge sidan eg har hatt tid å bruke denne sida og eg har vurdert å legge den ned. Det er så mykje eg skulle ha oppdatert, men eg rekk det ikkje og ikkje ser det ut som det blir betre tid framover heller. 

No er det oppkøyring til Ungfuglskuet + alle dei andre skal ha stell og ettersyn. Innan NUK er dette også ei periode der eg har ein del å gjer.

Det er ikkje mange par på hekkerommet, men hos det eine paret ventar eg klekking av første egget den 5 mai. 

Det har vore ein veldig trøblete hekkesesong. Fleire hoer har ete egga sine. Eine hoa som er i hekk no, gjekk av egga sine når ho hadde lagt 5 egg. Ei anna går ut av kassa og sett seg på pinnen når egga skal leggast. Det ligg såpass mykje arbeid i å ha fuglar i hekk og eg blir litt lei. 

Våren er også ei tid der eg sorterar fugl. Kven er viktig for meg å behalde vidare? Kven kan eg la gå vidare? 

Heilt i mål er eg ikkje endå, men eg er ikkje så langt unna. 

Utevolieret har fått ein sårt tiltrengt opp-puss no når det har vore så fint ver. Det blir slitt etter nokre år av ver og vind, men no er alt ute nybeisa og nettingen har også blitt måla svart. Det blei så mykje finare!