12. des, 2018

12 desember 2018

Tida flyg! 

Ungane eg hadde inne til handoppmating er for lengst sjølvstendig. 

Guten greidde seg sjølv når han var 5 veker. Då tok han også sin første flygetur.

Omtrent samtidig, døde fuglen til dattra mi. Amarillo, som han heitte, var ingen ungfugl, men han var veldig tillitsfull å flink å prate og det var sorg i heimen. 

Eg såg noko hos guten som eg handmata og dattra mi fekk han. Det trur eg var eit rett valg. Desse to har kjemien med kvarandre og Gizmo, som fuglen heiter, er veldig tillitsfull og har allereie starta å lage lydar som ikkje har med vanleg undulatkvitring å gjer. 

Jenta var litt seinare med å greie seg sjølv. Ho var 6 veker når eg slutta å gi henne mat. Det har berre blitt til at ho er her på stua. Ho er ei jente med temperament! Aller helst vil ho ver ute av buret heile dagen. ( noko eg kan forstå). Ventar eg for lenge, bit ho meg. Skikkelig. Og ho skal ver med på alt og eg må passe på som ein smed. Absolutt alt eg gjer, skal utforskast og helst skal ho sitte på brillene. 

Ellers er det ganske stille på hekkerommet. Eg har kun 4 ungar i kassene no. 3 australske og ein etter uttillingsfuglar. 

Nokre heilt nye par er sett i hekk no. Det er ungfuglar utan erfaring. Så får eg sjå kor det går.

"Fristen" i anførselsteikn! med tanke på Ungfuglskue i mai er ute. Men, eg har veldig lyst å delta på NM i Drammen i oktober neste år. Og, det er slettes ikkje for seint.