26. okt, 2018

Handoppmating.

Snart 4 veker.

Ungane er blitt mata i ei veke og det går veldig bra. Jobb er det, ingen tvil om det, men det er noko ein må ta høgde for når ein held på med levande vesen. Alternativet var heilt skamferte ungar.
Napping av dun er ein ting. Napping av fjør er noko heilt anna.
Guten, den mørkaste, ligg an til å få ein ny heim om nokre veker.
Ein familie som har tre fuglar herifrå frå før av, er på utkikk etter ein til. Eg veit utan tvil i mi sjel om at der vil han få det veldig bra. Men, først skal dei i mål, og det tek nokre veker til.

Trykker du på tittelen *snart 4 veker*, kjem du inn på videoen av ungane.