19. okt, 2018

19 oktober, handmating

Å handoppmate ungar utan det står om å redde liv, er eg sterkt i mot og eg blir provosert når folk gjer det for å kunne selge "tamme" ungar. 

Foreldremata ungar er det aller beste for ungane og vi har absolutt ikkje noko å vinne på å handmate ungar for at dei skal bli såkalla *tamme*. 

Så skjer det at det står om liv og vi kan gjer eit valg. 

Det har eg vore ute for ein gong før. Der var det mor som skamferte ungane. Det viste seg at far ikkje tok over foreldrerolla og ungane var i ferd med å dø av svolt. Då greip eg inn. 

Dette skjer ikkje ofte. Heldigvis. 

No står eg der igjen.

For første gong har eg opplevd at far også drog ut fjørene til ungane. Ikkje berre duna. Det skjedde fort. Eg turte ikkje sette natta til i og med ungane blødde både på hovud og vingar og tok dei inn. 

Dei minste ungane omplasserte eg i andre kasser, men det var ikkje plass til alle. Dermed har eg no to ungar inne på stua som skal ha mat kvar tredje time frå ca 06.30 om morgonen til 23.30 tida. 

Det er overhode ingen ønskesituasjon og eg blir veldig låst. Heldigvis er ungane svært flinke å ete. 

No er dei ca 3 veker og eg må i allefall rekne med å måtte mate dei i 4 veker til. 

Handmating gjer vi i ein nødsituasjon for å berge liv. Ikkje fordi folk ikkje tek den lille jobben det er å skape eit tillitsforhold med å trygge fuglen.