13. okt, 2018

13 oktober

Par med tomme egg, par som et egg, par som ikkje legg egg og par som legg mange egg. Alt for mange.  Då er alt heilt normalt Smiler stort

Klekkinga er i gong i dei første kassene og dei eldste er ringmerka og eg kan no sjå mutasjonen dei er og eg har også ei formeining om farge. 

Para kom veldig ulikt i gong med egglegging og i dei kassene det er ungar, måtte eg ta vekk egg fordi det var så mange og eg hadde ingen å legge egga over til. 

Det er ikkje uvanlig at egg stoppar i utviklinga og eg brukar å ta høgde for det. Men, klekkeprosenten har vore veldig høg. Eg liker ikkje å ha for mange ungar i ei kasse og synes egentlig at 4, maks 5 er nok. At det er høg prosent på klekkinga tolkar eg positivt, så eg håper den trenden fortset og at ungane veks opp og kjem seg fint på pinnen. 

Dette at fleire par har lagt 8 egg i første runde gjer at eg har bestemt meg for at ei runde er nok.

Tåler dei to runder? Ja. Det gjer dei. Dei får eit veldig variert kosthold, rikt på protein, vitaminar og mineralar og dei får også kalcium med D3-vitamin i flytande form. Forholda er så optimale som eg veit å gi dei. 

Eg berre kjenner at nei, ei runde er faktisk nok, for meg. 

No er det no ein gong slik at eg trives veldig godt i det såkalla utstillingsmiljøet. Det er no om hausten vi legg grunnlaget for Ungfuglskuet neste år. Eg har nokre *håpar-på-gode-ungar* par i hekk. Så har eg nokre få par til, der eg ventar på hekkemoduset skal ver rett. 

Blir det resultat hos dei også om ikkje så alt for lenge, får utstillingspara mine ei lang pause til neste haust. 

Dei siste åra har eg ikkje hatt kapasitet til å jobbe med  mutasjonar og fargar. Det saknar eg. 

Det har eg lyst å ta inn igjen før eg mister dei få eg har igjen. Er eg veldig heldig og det går som eg håpar, er utstillingspara ferdig i hekk rundt jul og eg kan ha nokre få par i hekk etter jul, der fokuset er på mutasjon/farge.