29. sep, 2018

29 september

Det er blitt ein del forandringar i løpet av sommaren. 

Flokken er omtrent halvert. I boligdelen er det også blitt gjort forandringar for å lette reinhaldet, med å legge belegg berekna for bedrift og det er også blitt sluk i golvet. 

Eg har også kjøpt inn luftrenser. Eg har ein i hekkedelen og ein i boligdelen og eg merkar stor forandring, til det betre. Støvmaska burde eg nok vore flinkare å bruke, så der må eg skjerpe meg. 

Det har kome fuglar i hekk. Dette med utstilling likar eg så godt og vi har det så innmari kjekt når vi har slike samlingar, så eg har prioritert nokre par. 

Pågangen etter ungar er ganske stor, men det vil kunne bli kun ein og anna ungen som eg ser at eg ikkje har bruk for sjølv. 

Neste helg er det Landsutstilling på Sola ved Stavanger. Det hadde vore så kjekt å bli med! Men, med ei så lang reise og så mange ferjer for å kome meg dit, takka eg nei til denne. Dei to flinkaste dommarane vi har her i Norge skal dømme. Ikkje berre er dei flinke, men dei gir av seg sjølv, forklarar og er så flotte personar! 

Eg får berre vente til det blir Ungfuglskue igjen ein gong i mai/juni neste år. Då blir det Vindfjell-tunet ved Skien igjen.