27. jun, 2018

27 juni

Fuglane har "ferie" og har lange dagar ute med badeliv og forskjellig snacks. I går fekk dei nye seljegreiner. Grønnsakbedet med gulrot blei tynna ut i dag og i staden for å kaste dei bittesmå gulrøttene, fekk dei bunten.

Det er veldig kjekt med hekking, men det er ikkje å kome vekk frå at det inneber mykje arbeid. Trivsel, hygiene og kosthold er noko eg kjenner er viktig for mitt fuglehald. 

I løpet av sommaren kjem det til å flytte nokre fuglar. Eg har gått mange mange runder med meg sjølv og ikkje heilt visst kva eg skal gjer. 

Allergisk er eg ikkje, men eg reagerar på noko hos fuglane. Om det er støvet eller frørusket, veit eg ikkje. 

Dei siste dagane har eg begynt å bruke maske når eg er inne hos dei. Og eg har kjøpt luftrensar. Og eg må ned med antal fugl for å sjå om det kan hjelpe.

Det å sitte å kikke på fuglane og prøve å finne ut, kven skal eg beholde og kven kan eg la reise er heilt pyton og det har blitt ein del netter med tankevirksomheit. Eg kjenner kvar ein fugl. Veit kva dei likar og ikkje likar. Veit korleis eg må nærme meg dei og ikkje. Kven eg kan bestikke med noko godt og ikkje. Kven som ikkje liker kameraet og kven som "poserar". Som er først ut når eg åpnar luka/døra om morgonen og kven som snik seg inn så snart sjangsen byr seg. 

No er det heldigvis fleire som eg kjenner og som eg veit korleis fuglane vil få det, som gjerne vil ha nokre. Det lettar litt. Så får eg berre håpe.