30. mai, 2018

30 mai. Heime etter UFS

Det er mange hobbyar der folk med samme interesse har sine møteplassar. 
Det kan ver strikke-kafe, datamesse, veteranbiltreff, båtmesse, mc-treff osv osv. 
Alle har til felles å møte nokon med samme interesse, ver sosial, ha opplevelse , lære, få/gi tips og idéar. Det gir noko på ein eller anna måten. 
Norsk Undulatklubb har ei eiga samling i året, som eg var på no i helga. 
Det ER ei lang reise frå Sunnmøre til Telemark, der samlinga var i år. ( og neste år!)

Men, opplegget, folka, nye bekjentskap og heile opplevelsen av helga og det det gir av inspirasjon vidare, så er det verdt kvar ei mil.

No er eg ikkje heilt fersk mht utstilling. Den første eg var på var i 2015. Då ante eg ikkje kva eg hadde *rota* meg oppi. 😀

Mht utstillingsundulatar ( engelske) startar alle nye i klasse B. 
Først når vi har samla oss opp 30 poeng, rykker vi opp i A-klassa. Det gjorde eg etter to utstillingar og kjende at nei, fader, konkurrere i lag med gutta boys som har så mykje gode fuglar og kunnskap, det har eg faktisk ikkje lyst til. 
Men, med trøste-klapp på skuldra og støtte frå gutta boys, var det å snu tanken. 
Lytt, lær, spør om det eg ikkje forstår, søk råd og gå vegen så eg likar og har det kjekt med.

Frå 10 grader og skodde, kom vi til 28 grader og sol frå skyfri himmel. Litt varmt....🌞

Sjølve utstillinga starta laurdag litt ut på formiddagen og holdt vel på i ca 3,5 timar?

Først dei australske undulatane. Så dei i klasse B. Og så *mi* klasse til slutt. 
I mi klasse var det ca 100 fuglar. 
Dei var delt inn i årskull. 2017 ringar og 2018 ringar.

Når eg såg at dommarane etterkvart plasserte eine hos mi heilt i teten av dei med 17 ringar og eine hannen min som har 18 ring, heilt i teten i den årsklassa, steig pulsen og eg blei ganske shaky. Trur haka mi ramla litt ned også. 😅

Det enda med at hoa mi blei nest beste hoe av dei med 17 ring og eine hannen min blei nest beste hanne i sitt årskull. Fader så gøy!!