23. mai, 2018

23 mai. Straks klar for avreise UFS

Det meste før avreisa er på plass. I går henta eg nokre fuglar som skal på utstilling, men oppdrettaren har ikkje anledning til å reise sjølv. Eg møtte også ein anna oppdrettar som skal reise, som tok ein del av mine utstillingskasser over i sin bil. 

Det er så kjekt at vi er fleire i eit område som kan hjelpe kvarandre! 

I morgo tidleg ein gong blir det å sette seg i bilen og køyre nedover. 

Det er meldt ganske varmt ver og eg håper det går greit med fuglane. MIne fuglar likar seg ikkje så godt når det blir varmt. Største trivselen ser eg dei har når det er rundt 15 grader. Eg får berre følge med dei og huske å ta med dusjeflaska, slik dei kan få ein dusj no og då, dersom det virkar som dei synes det er varmt.

Det er mykje som skal pakkast med og eg må huske på, men forhåpentligvis har eg ikkje gløymd noko.