18. mai, 2018

18 mai

Det er ikkje så mange dagane igjen nå før det blir å pakke i bilen å starte reisa nedover til Vindfjelltunet. Eg kjenner eg gler meg!  Det brukar alltid å ver så kjekt.  Dette å ha ei samling,  der vi med samme interesse kan møtast å ver sosial,  ser eg på som veldig verdifullt.  

No  trenar eg med fuglane kvar dag og det er tydelig at dei dei har vent seg til kassa.  

Den eine hoa eg hadde tenkt å ta med,  har kome over i volieret igjen og blir ikkje med.  Veldig dumt egentlig for eg synes ho er veldig fin.  Ho  mista den andre halefjørene si for kort tid tilbake.  Eg ser at ei ny er på veg ut,  men det er for kort tid igjen til at den blir lang nok til å bli godkjend.  

Ellers er det ganske så mykje planlegging i forholdet turen.  Eg hadde håpt at eg skulle greie å tømme hekkerommet før eg reiser,  men det blir eit hekkebur igjen der.  

Fuglane er skal ha med nedover er no på allbruksrommet. Der er også ungane som nyleg har kome over frå hekkebura. 

Eg har bestilt nokre få fuglar som blir med heim frå utstillinga.  Desse skal ver på allbruksrommet ei periode før dei får sleppe over i volieret.  Men dei kan ikkje over dit før eg får flytta dei ungane som er der og vaska og desinfisert. Så eg får gjer klart eit GD-bur,  slik dei nye får kome over i det med ein gong eg kjem heim. 

Utsllingskassene må vaskast og eg må huske å ta med nok drikkeautomatar og mat til dei. Og eg må finne fram bur som fuglane kan ver i, under reisa. 

Fuglen på bildet blir med.  Han blei fødd i haust og er ein eg likar veldig godt.