10. mai, 2018

2 veker igjen til UFS

Som vanleg fyk dagane så fort! I dag kome eg på at kjære vene, det er ikkje meir enn 2 veker før det blir å starte turen nedover til Vindfjelltunet og ungfuglskue!

To av dei fuglane eg tenker å ta med treng ein del meir trening i utstillingskassa, så no blir det å trene kvar dag og sørge for dei har snadder i kassa som dei liker godt. ( selleri)

Ei hoe eg har hatt tankar om og kanskje er den beste, har no ei laus halefjør som står på halv-åtte. Eg sa nokre ord då når eg såg det.  Dette var eg ute for i fjor også. Halen var der om kvelden, men den var reist om morgonen når utstillinga starta. "Gøy!"

Eg har ein hanne også som eg likar så godt, men halen har kome alt for lite ut igjen til å kome i mål til eg reiser. Det er så surt!! Men, eg veit eg ikkje er aleine om dette. No er det tid for felling ( myting) og då er dette slikt som skjer. 

 

Ellers har eg greidd å sortere ut nokre fuglar no som eg ikkje treng vidare. Det har vore så vanskelig! Fleire av dei er gode fuglar. Nokon av dei skal muligens reise til eit anna voliere der dei får det bra. Kva par det blir, er ikkje bestemt endå.

Eg har prøvd så godt eg kan å sette saman par eg tenker kan ver kombinasjonar som er bra/passe til kvarandre. 

Dette å sette saman par er ikkje så lett, men noko må eg likevel ha gjort rett i sesongen som har vore, når eg ser på ein del av ungane som har kome. Då er det ikkje berre flaks vil eg tru. :-)