1. mai, 2018

1 mai

Det eg synes er det vanskeligaste gjennom heile året,  er å sortere fuglar. Kven skal eg behalde og kven kan reise til andre voliere? 

Eg har så vidt begynt å vurdere og tenke kva treng eg til neste sesong?  Nokre få ser eg kan reise.  Trur eg...... 

Det hadde vore så kjekt om det var nokon som kunne ha synes at det med utstilling kunne vore litt spennande å prøvd og som har god plass der dei kan få frisk luft og ha god plass å flyge! Då synes eg ikkje det er like vanskelig å la dei reise.  

Det er mange som spør etter engelske, men skal ha dei i bur på stua.  Det går fint det om det er ein unge som ikkje kjenner til volierelivet,  men det å sette ein av volierefuglane i bur,  det vil eg ikkje.  

Det å kunne hjelpe nokon i gong med nokre par og det er nysgjerrige på det med utstilling,  det er berre gøy og det gjer eg gjerne.  

Eg får ta meg litt tid å tenke.