28. apr, 2018

28 april

Våren har "eksplodert" og det er berre så herlig! 

Fuglane er noe ute frå morgon til kveld. Det tek litt tid før ungane av sesongen forstår kva eg meiner når eg klappar eit par gongar i hendene og sei UT.  Men,  no ser det ut som alle forstår og det tek ca eit halvt minutt før alle er ute om morgoneHa han når eg kjem og skal ha dei ut.  

Hekkinga er heilt på tampen av sesongen og nå kjenner eg at det er heilt greit å avslutte slik fuglane får ver ute i frisk luft,  ver og vind,  samt eg kan ha kun volieret å konsentrere meg om.  

For meg er det veldig givande å kunne få ta med meg kaffikoppen og fotoapparatet i volieret og la resten av verda "segle sin eigen sjø.  Det er den beste form for rekreasjon og avslapping eg veit om. 

Om ein mnd er det å reise på utstilling.  Det gler eg meg til! Som alltid på denne tida av året,  fuglane mine er i full felling.  Dei har piggsveis,  manglar ei halefjør eller to og ser ikkje ut.  Så då er eg i rute. Ha haTrur eg må legge inn forslag eg på generalforsamlinga å flytte utstillinga til ei anna tid på året....Smiler stort

Eg har vore ute for nokon som er svært kritisk til utstilling.  Ingen av dei eg har hatt diskusjonar med,  har nokon gong vore på ei utstilling og veit av erfaring kva dei snakkar om.         

For oss som har deltek og faktisk ser fram til ei utstilling,  så er dette den tida på året vi med felles interesse møte kvarandre.  Det er alltid gjensynsglede og vi diskuterår fugl,  deler erfaringar osv og har det virkelig kjekt i lag. 

Sjølve utstillinga varer nokre få timar eine dagen.  Klart det er kjekt å få positive tilbakemeldingar frå dommaren/ane på jobben vi har gjort som opprettar og at vi har friske,  livskraftige fuglar,  men det at vi har ei samling der vi er nokon med felles interesse , er så viktig! Nettet er kjekt å ha til tider,  men det er noko heilt anna å møte ansikt til ansikt og kunne sjå andre sine fuglar i live.  Dette å ha eit levande miljø, som er inkluderande og tek i mot nye med smil og hjelp,  det er noko eg brenn for.

På bildet er ei fin frøken i full felling,  med piggsveis og vel så det.  Blir ho klar til utstilling?  Kryssar fingrar!