6. apr, 2018

6 april

Det at vinteren ikkje har sleppe taket og at vi fortsatt har snø her langt ute i havgapet er ikkje vanleg. Fuglane bryr seg lite og det er mange som tek turen ut om dagen. No let eg berre luka frå boligdelen og ut i volieret stå åpen døgnet rundt og om morgonen er det mange som allereie har kome ut. Nårr klokka er 19-20 på kvelden, har alle flyge inn igjen.

Det er gradvis nedtrapping på hekkinga, men fordi det har vore så kaldt og snø har eg ikkje fått gjort skikkelig reint dei tomme hekkebura. Men, i dag kom eg til at no må eg berre få vaska og desinfisert dei, slik eg får sette dei vekk. 

Av dei para som er på hekkerommet, er dei fleste starta på runde nr 2. 3 par er på første runde. Eg tenker at når dei egga som klekker og ungane er komen ut av kassene, då avsluttar eg og tek ferie og eg bryr meg ikkje med at dei 3 para skal få runde nr 2. Dei kan heller få fri og kome seg ut å flyge, få sollys og regn. Så får eg ta med meg kaffikoppen og fotoapparatet og tilbringe tid i volieret. Det er rekreasjon og eg kjem innpå fuglane på ein heilt anna måte enn eg gjer vinterstid.

Seinast i dag fekk eg ei melding frå ein anna oppdrettar som også driv med utstilling, som gleda seg på mine vegne over at eg har fått fram god fugl den seinare tid. Det er ikkje så mange dagane sidan eg fekk tilsvarande meldingar frå eit par andre oppdretterar, som også driv med utstilling. Dette gjer meg svært glad og eg set så stor pris på slike meldingar og få den back-upen som eg får! 

Eg synes forstsatt det er veldig vanskelig å sette saman par. Ikkje mht det genetiske. Det er ingen problem, men med tanke på kvalitet. Det blir mest på følelsen og kor eg synes dei "kler" kvarandre. 

To av dei para som er i hekk no, er par eg er veldig spent på. Dei har ikkje hatt ungar i lag før. Begge para har eg sett saman. Det eine paret aksepterte kvarandre omgåande, men hoa i det andre paret ville ikkje ha den hannen eg først tenkte. Då måtte eg i tenkeboksa. Eg opplever hoa som god og mykje bra bakover i sine anar.  Hannen ho til slutt godtok får eg håpe på at linjene slår igjennom. Dei er veldig gode. 

Det andre paret som godtok kvarandre omgåande, håper eg at eg har svaret om nokre veker, om valget mitt var rett eller feil. 

Mange forstår nok ikkje kva og kvifor eg gidd dette og er det så nøye? Er genetikk nøye? Er kvalitet nøye? Det kan eg på eit slags vis forstå. 

Det å ha mål, noko å strekke seg etter, ha utfordring, stadig lære, det er for meg givande i kombinasjon med at eg kjenner det er kjekt og ikkje minst, det at eg ser at fuglane har det bra. 

No syslar eg med litt tankar om ein mutasjon eg likar så godt, men eg har ingen av dei pr i dag, men kunne ha tenkt meg å hatt. Eg veit ikkje kven som kan ha den, men ei forsiktig "jakt" har starta. Så får eg håpe eg kan få tak i eit par stykker i løpet av våren.