21. mar, 2018

21 mars

To av ungane som har vore på allbruksrommet, fekk sleppe over til det store volieret i går. 

I går snøa det og i dag har det høljeregna. Eine jenta som flytta over, fann vegen ut av luka i går. Eg synes ofte at seinhaustes, vinter og tidlig vår, er ei litt vanskelig periode å flytte ungar over i det store volieret. Dei finn gjerne vegen ut, men det er slettes ikkje alle som finn vegen inn igjen. Om eg ikkje passar på, er dei ute i mange timar i kulda.

I ettermiddag måtte eg hente inn ei ung jente som sikkert ikkje kom på at ho kunne kome seg under tak i høljeregnet. Ho satt ute og var kliss gjennomvåt. Henne måtte eg hente inn i varmen igjen. 

Om eit par tre dagar har eg planar om å flytte over eit par ungar til frå allbruksrommet til det store volieret. Om vi får mykje regn framover, må eg stenge porten som deler ute volieret i 2, slik dei held seg under tak og ikkje flyg ut i den åpne delen. Eg har ikkje anledning til å passe på dei heile tida. 

Nokre ungar på hekkerommet er snart klar for å flytte ut av hekkebura og til allbruksrommet. Dette er utstillingsundulatar der eg skal behalde dei aller fleste av dei inntil vidare. 

I den eine kassa er det ei jente som eg likar så innmari godt! Ho er no 1 mnd gammal. (bilde) 

Det å ha kontakt med andre oppdretterar er noko eg verdsett høgt. I dag måtte eg berre sende bilde av jenta til  oppdrettaren av far til jenta. Det er så artig å få tilbakemelding om at han kjenner igjen preget til sine fuglar og ho er prikk lik vinnaren av farfaren sin som vann NM i 2015.