7. mar, 2018

7 mars

Med ein etterlengta fridag i går, blei det å ta fatt på boligdelen hos fuglane å få gjort reint. Med den kulda som vi har hatt i lang tid, er det ikkje berre berre å få ut golvbelegg og få vaska, skrubba og tørka det. Men, eg fekk det gjort. 

Karantenerommet/allbruksrommet har eg ikkje rekke å få teke sidan sist det var i bruk, så eg fekk vaska det ned og desinfisert det når eg likevel holdt på. 

Eit par ungar kom inn i stua for eit par dagar sidan. Vanligvis har eg dei over i karantene-/allbruksrommet før dei slepp over i bolig/volieredel. Men, når det ikkje har stått klart, tok eg dei likegodt inn. 

Den eine av dei reiser til ny heim i helga. Dei har ein fugl herifrå frå før av og vil gjerne ha ein til. 

Den andre reiser ut i neste veke. I morgo eller fredag tenker eg å ta inn eit par stykker til. Ein av dei skal eg behalde, medan den andre reiser også til ein ny heim neste veke ein gong. 

Alle dei vanlige/litt for store australske ungane er reservert i denne omgong. Dei engelske/utsillingsundulatane avventer eg litt med endå og eg trur ikkje at eg kjem til å ta nokon bestemmelse på dei før vi kjem i april/mai ein gong. 

På bildet er ei lacewingfrøken som eg har slik sansen for. Ho er ei kjeftesmelle og tøff som berre det i kassa. Akkurat slik eg har slik sansen for. Ho er ei frøken som er uredd og med vilje og tydelig i språket sitt. Bra!!