21. feb, 2018

21 februar

No er det ikkje lenge før den eldste ungen kjem ut av kassa. Ho? sitt oppe i åpninga og kikkar ut, så eg vil tru at om få dagar blir fristelsen for stor til å sjekke ut verda utanfor kassa. 

Ellers er eg svært svært glad for der kom ei toppa jente i eine kullet og ein DEC-gut. Det var det eg håpte der skulle bli, men sjølv om eg kan genetikken og veit kva eg skal sette saman, så er det mange gongar langt frå den teoretiske fordelinga til det det faktisk blir i eit kull.

Eit par la 7 egg der alle ungane har klekt. Då passa det veldig godt her var par som hadde tomme egg, slik eg fekk legge over.  Å la eit foreldrepar oppfostre 7 ungar, gjer eg berre ikkje. For meg blir det å legge på foreldra alt alt for mykje. 

2 uerfarne hekkepar med tomme egg, har fått overta rolla som fosterforeldre til 4 av ungane, og det går kjempefint. Når ungane er komen ut av kassa, skal dei to fosterpara få ei runde til i håp om dei kanskje då kan legge eigne egg som er befrukta.