8. feb, 2018

8 februar.

Den første ungen som blei klekt i denne omgongen kan eg no sjå fargen på og den ser ut til å ver violkobolt. Ungen er også spangle. Violkobolt er den finaste fargen eg veit på fuglar. Fargen er skarp blålilla og det er berre så flott!! Med dei lyse vingane, med tynne svarte strek som teikingar, er kontrastane store. Eg kan sjå at unge nr 2 i den kassa også er blå, men eg trur den må ver himmelblå. Om eit par tre dagar ville eg kunne sjå det betre. 

Der er i allefall ein DEC i ei anna kasse. Eg synes eg skimtar litt lys gul farge på fjørpennane på vingane, så det kan tyde på at den arvar mor si gulmaske 2. 

Om eit par dagar vil eg kunne vite om den minste ungen i det kullet også er DEC. Eg kan håpe. Skulle det ver tilfelle, blir ungane her. 

Unge nr 4 kom i kasse nr 3 i dag. Det er så kjekt når foreldra er så flinke og dei tek seg godt av ungane sine. 

I helga venter eg klekking hos eit utstillingspar. Dei er også uerfaren, så eg må berre håpe det går fint. 

Om foreldra ikkje skal forstå med ein gong at ungar faktisk skal ha mat, så er det ingen krise. Å skiple litt på ungar i kassene, brukar ikkje å ver noko problem. Det å ha fleire par i hekk samtidig, er uten tvil svært god hjelp.

Det er berre å håpe det vil gå like fint framover som det gjer no. Fleire ventar at ungane skal bli store nok til å kunne flytte til nye heimar.

Det å love vekk ungar før dei er komen på pinnen er eg ikkje noko glad i i det heile, men at folk står på liste går greit. Då får dei velge når eg ser at ungane et og greier seg sjølv.