5. feb, 2018

5 februar

Første ungen i kasse nr 3 klekte på laurdag. Det er ikkje så kjekt å reise vekk når det klekker i ei kasse der både mor og far er førstegongsforeldre. Men, det var ingen grunn til uro. Ungen hadde fått godt med mat når eg var vekke. I løpet av i natt kom den andre ungen i den kassa. ( på bilde)  Som oftast tek eg ikkje i ungane når dei er nyklekte, men venter til det nærmar seg ringmerking. 

Eine ungen i ei anna kasse er no blitt 10 dagar. Det er så kjekt at den er i ein mutasjon eg håpte skulle kome. Sjansen er 50/50, men teori er teori mht prosentfordeling. I eit kull treng det ikkje kome nokon av dei ein gjerne vil og neste kull kan det kome langt høgare prosentandel.

I samme kull er det også ei ino-jente. Kva ho kan skjule veit eg ikkje. Ho kan ver i den mutasjonen eg ønsker. Svaret får eg ikkje før om ca 1 år når ho kan gå i hekk. 😊