2. feb, 2018

2 februar

Det er så koselig når det er begynt å kome ungar i kassene. Eit par ungar er blitt så store at dei har fått ring på seg. Det er alltid så kjekt å studere ungane når dei veks litt til og eg prøvar å sjå kva dei er. 

Eg reknar med den første ungen i kasse nr 3 klekker i kveld/natt. Egget hadde i allefall klekkerand i dag tidlig. 

Det paret har ikkje vore i hekk før. Det er alltid litt spennande å sjå kor dei handterar når ungane klekker. 

Ellers ser det litt betre ut no hos dei andre para med egg. No er der i allefall nokre egg som eg ser er befrukta. Det såg litt mørkt ut, eller rettare sagt, tomt ut ei stund. Det er fryktelig kjedelig! Men, når både ei hoe og hannen i eit par er heilt uerfaren i hekk, veit ein ikkje heilt kor det går. 

Hos par med erfaring er det uhyre skjeldan det blir mange tomme egg. 

Eg har vore slik i tenkeboksa i vinter mht fuglane. Ikkje det at eg sluttar med fugl, men kva fokus skal eg ha. Utstillingsundulatane er eg ikkje i tvil om. Dei stortrives eg med. Men, så har eg nokre mutasjonar det ikkje er flust opp av her i landet. Eg har hatt plassproblem mht hekkebur/hekkerom og har ikkje hatt muligheit for å ha fokus på dei i det heile. I vinter har eg tenkt mykje på, skal eg fortsette med dei og ta vare på mutasjonane, eller skal eg kutte dei ut? Kuttar eg dei ut, kan det ver svært vanskelig å få tak i dei igjen. 

No har eg betre plass og fleire hekkeburbur, så to av dei para som er i hekk no, er sett saman slik eg beheld mutasjonane vidare. Eg kan rett og slett ikkje kutte dei ut kjenner eg.

Om eg er heldig og det kjem nokon no i denne runda, veit eg ikkje, men det er lov å håpe. 

Svært mange sender melding og vil gjerne bestille fugl. Det er veldig koselig! Men fleire lurer på korleis eg ordnar frakt, slik dei kan få fuglen. Meldingane kjem frå heile landet. 

Det er ikkje mi oppgåve å ordne frakt for den som ønsker fugl. Eg kan ver behjelpelig, om eg tilfeldigvis veit nokon som skal den vegen. Utover det, så er det kjøpar sitt ansvar å ha ein plan. Er det ikkje slik då med andre ting vi kjøper? 

Så er det dei som gjerne sett seg i bilen å køyrer både frå Trondheim og Bergen for dei vil ha akkurat den fuglen og tek det som ein tur. Det sett eg stor pris på og eg er i allefall ikkje i tvil om at då er fuglen virkelig ønska.