26. jan, 2018

26 januar.

Eg har gått å venta og venta på klekking i den eine kassa. Det er eit vanlig par, men eit par som betyr mykje for meg. 

Endelig i dag tidlig låg det 2 heilt nyklekte ungar i kassa. Eg fekk så vidt sett at den eine har raude auger og då ei jente. Den andre hadde svarte auger. Dette er den kassa der far jumpar inn i kassa og kjem å nippar meg i fingrane når eg åpnar kassa. 

Då får han det som han gir beskjed om, eg let igjen kassa og nærmar meg ikkje ungane til han meir enn høgst nødvendig.

Eg rakk ikkje sjå om dei hadde fått mat, men eg lyt berre håpe og tru dei har kontroll. 

Det er også komen to ungar i ei anna kasse. Dette er også vanlige fuglar. Der er alt berre bra og foreldra er svært flinke. 

Utanom synes eg det er ein del rot med para. Nokon har berre tomme egg. Ei har lagt seg til i kassa og ser ut som ho har det veldig bra, men egg legg ho ikkje. Ei anna er i kassa heile tida, men når ho skal legge egg, går ho ut av kassa og legg dei i buret. Og egga får sprekke i seg. 

Hos den siste venter eg eit nytt egg i morgo, så eg må finne på noko lurt å legge i botn på buret, slik egget ikkje blir knust. Eller kanskje eg kunne lagt inn ei klinkekule i kassa til henne, som narre-egg og ho då kan forstå at egga skal ver i kassa og ikkje utanfor??