24. jan, 2018

24 jan

Det er kosleig når det pip i kassene. Den aller første ungen i denne runda klekte for 2 dagar sidan og det er vel ikkje lenge før det klekker ein til der. 

I ei anna kasse venta eg klekking i går, men det egget er ikkje klekt endå. Det er ikkje sikkert ho kom i gong med ruginga med ein gong. Då er det ikkje uvanlig at det kan går både ein og to dagar ekstra. 

Eit egg må ha jamn varme for å utvikle seg. Om ikkje hoa legg seg skikkelig til på egget med ein gong, vil klekkinga drøye tilsvarande før det klekker. 

Det er fleire som er i hekk. Dei fleste er i hekk for første gong. Det ser ut som det er blitt mange tomme egg. Fryktelig kjedelig når det skjer, men lite å gjer med det. 

Dei er ikkje ferdig med å legge egg, så kanskje det kan bli noko i dei siste som blir lagt?