14. jan, 2018

14 januar.

Det blei brukt ein del tid på hekkerommet i går. Vasking, reingjeringa av bur, i den grad ein kan gjer dei rein under hekk, klargjering av eit nytt hekkebur, gi alle eggefor med grønnsaker, tek sine timar.

Då fekk eg følge godt med på Sigrid. Ho er virkelig ei artig type! Når eg vanligvis er der inne å styrar med ymse som må gjerast, sitt ho som ein mumie. Men, når eg var der såpass lenge som eg var og ho ikkje såg meg, var ho rett så livlig. Og, ho og hanne nr 3, såg virkelig ut til å finne kjemien med kvarandre. Det var fleire gongar dei var bortpå pinnen inn til hekkekassa, men eg såg ikkje at nokon av dei var inne i kassa. Dei får i allefall stå i buret i og med dei har finne trivselen i lag. Kanskje det er mulig å håpe dei går i kassa etterkvart og det kan bli egg?

I ei anna kasse er det komen 5 egg. Hannen, ein som ofte kjem å sett seg på meg, i allefall når eg kjem med selleri, har også ei "personligheit". 

Eg går ikkje å kikkar mykje i kassene. Dei bør få fred, men eg prøvar å få teke ein rask kikk kvar dag. 

I går, som i dag når eg skulle kikke som snarast i kassa, kom han inn i kassa med ein gong, strekte seg opp og forsiktig småbeit meg i fingeren. 

Han var ikkje sint, men heller rolig. Eg vil tru det er han sin måte å gi meg beskjed om at dette er han og hoa sine egg og han ikkje vil eg skal kikke til egga?