12. jan, 2018

12 jan

Sigrid er til vurdering om ho skal få sleppe ut av hekkeburet om få dagar. Det ser ut som ho har det bra og lir ingen nød, men tøtta virkar å ver ei som vil bestemme sjølv kven ho vil ha, ser det ut som. Dvs, den ho står i lag med no, prøvar å varte henne opp og ho sitt faktisk i lag med han når eg kjem inn på hekkerommet. No er det helg og god tid, slik eg får kikke innom ofte. Då får eg prøve å vurdere om det har noko hensikt dei er i hekkeburet eller ei. 

Ho som hadde så dårlig tid med å legge egg la 3 egg, som var tomme. Det var noko eg tok høgde for i og med ho var så rask. Litt kjedelig er det, men noko ein berre må ta med. 

I ei anna kasse, tok hoa hol på egga sine, straks dei var lagt. Kvifor nokon gjer slikt, veit eg ikkje. Det er mange teoriar rundt dette. Ho gjorde dette i fjor også. Då greidde eg ikkje å berge nokon av egga. Då var eg veldig usikker på om det var ho eller hannen som gjorde det, men når det skjer igjen, med ein anna hanne, då veit eg det er ho.

Ho la to egg og stoppa opp. Eg fekk rådet frå erfarne oppdretterar å legge inn narre-egg i kassa. Då kan dei berre hakke i dei. Dei oppdagar då at det ikkje nyttar og så let dei ver å hakke i egga sine som kjem. Eg har ikkje narre-egg, så eg kjøpte ein pose med klinkekuler og la 2 stk i kassa til henne. Dei ruga ho på. Heldig for meg, så hadde ho eit opphold på ei veke før egg nr 3 kom. Det var heilt når eg kikka i kassa. Eg tok ikkje sjangsen på å la det ligge og la det over i ei anna kasse der det er egg. 

Det ligg vel an til det kjem eit nytt egg i morgo vil eg tru. Kanskje eg skal bytte å legge eit tomt egg i henna kasse i stadenfor? Då får eg i allefall sjekka om eg kan tørre å la henna egg , om ho legg fleire, få ligge i fred.