2. jan, 2018

2 januar 2018

Av dei para som blei sett i hekkebur i romjula, er det to par som det ikkje ser heilt ut til å klaffe. 

Den eine hoa trur eg treng litt lengre tid på seg, så der har eg teke ut paret og sett dei i volieret igjen. 

Det andre paret virka ikkje å finne tonen med kvarandre. Hannen har sjekka kassa fleire gongar, men hoa har sitte på samme plass, heilt bakerst i buret på eine pinnen og ho virka ikkje til å synes noko om hannen i det heile.  

Eg sjekka kroppstemperaturen på henne, føttene samt ho er ei av dei som blir skikkelig brun på vokshuda. Då fann eg ut det var likegreit å ta ut hannen og finne ein anna ein. No er det berre å vente å sjå kva dei synes om kvarandre. Dette har eg vore borti før, og det er ikkje noko nytt og ukjend. Dei får nokre dagar på seg og liker ho han ikkje, neivel, då må eg berre leite til ho er fornøgd. Om ho i det heile vil like nokon? Det går eg også vore borti. 

Ho har ikkje hatt nokon i volieret som eg har sett ho har flørta med. Kanskje er ho ei av dei som treng god tid på seg?

Slike ting er noko vi følg med på og må ha aksept for. 

Eg har ei greie med å like desse fuglane som så tydelig har eigen vilje. Det er berre noko med dei som eg finn fasinerande. 

Det så mange som skriv at utstillingsfuglar er late osv osv. Eg kjenner eg blir så trøtt av det og kjenner overhode ikkje igjen det som blir hevda. Så lurer eg på, kva i all verden er det uttalelsane er basert på? 

Tilbake til Sigrid, hoa som foreløpig ikkje let seg "målbinde". Får håpe eg kan finne ein "Espen Askeladd". Om ikkje, er det tilbake til volieret så får ho leite sjølv. 

Nokre par til har blitt sett i hekkebur. Dei er heller ikkje etablerte par med nokon. Denne gongen har eg veld å gi dei tid i lag, før kassa blir åpna, slik eg får sjå om dei finn kvarandre. Hoer i hekkemodus vil gjerne gnage seg hole. Det er med på å trigge hekkelysta og det er det dei gjer ute i naturen. Dei bygg ikkje reir, men gnagar seg ei hole i ein trestamme.

Å gnage seg inn i veggar, gjennom dørlister osv osv, er ingen problem for dei og det er fort gjort.

Dei har fått kasser, men eg har snudd kassa feil veg, slik at åpninga i kassa vender ut i rommet. (bilde ) No kan dei berre gnage det dei vil. Og det håpar eg. Om eit par veker, snur eg kassa slik at åpninga vender inn mot buret. 

Forresten ser det ut som det er to par til som er klar til å legge egg. Dette er to vanlige par. For store til å gå under australsk og for små og lite prega til å kunne kallast engelske.