31. des, 2017

Nyttårsaftan 2017

I dag låg det eit egg i ei kasse. Berre 5 dagar etter fuglane blei sett i hekkebur. Det er litt tidlig synes eg. 

Som regel brukar eg å sette inn kasse samtidig som eg sett inn para. Det er ikkje alle som gjer det. Nokon sett inn hannen først, då det ofte er han som leitar opp hekkeplassen først og hoa kjem etter. 

Nokon lar paret stå i hekkeburet eit par veker før kassa blir sett opp. Andre heng opp kassa med ein gong, men stenger åpninga, slik dei må jobbe og gnage seg inn, slik dei gjer i naturen. 

Eg har prøvd dei ulike måtane, unnateke det å sette inn hannen eit par veker før hoa slepp inn. 

Det at dei legg egg for tidlig kan føre til tomme egg, eller, har hoa f.eks hatt ein beilar i volieret, kan det ver beilaren i volieret som er far til evt ungar og ikkje partneren som står i buret i lag med hoa.  Jaja, eg får berre vente å sjå kva dette blir. Tomt? Anna far? Rett par?Ha ha