30. des, 2017

30 des

Det kome ein melding i går kveld frå nokon som har fugl herifrå. Dei skulle på besøk i området og lurte på om det passa å stikke innom. 

Slikt synes eg er veldig koselig. Det blei virkelig eit kjekt besøk! Dei blei med i fuglehuset og på hekkerommet og det blei prata fugl. Dei har også eit voliere og dette å snakke om ulike løysningar vi har gjort, kva gjer vi no når det er litt kaldt, kva forar vi med osv osv, er alltid interessant og ein kan lære mykje av kvarandre. 

No hadde eg egentlig ikkje fleire fuglar som var ledig for salg, men eg har egentlig mange fleire enn eg strengt teke treng. Det er berre av og til så vanskelig å sleppe nokon av fuglane avgårde. 

Det at eg er blitt litt kjend med folk og eg veit korleis fuglane får det og eg merkar via praten, ei virkelig interesse for at fuglane skal ha det bra, har betydning. 

Derfor sa eg også ja til at to ungar kunne få reise. 

Med nye par på hekkerommet er det nok ikkje meir enn eit par mnd til det bleir fleire ungar, som eg også gjerne vil beholde. Det er ikkje rart det veks på med fugl....

Å snakke strengt til meg sjølv, slik at eg ikkje endar opp med 150-200 fuglar, er ganske nødvendig for meg å gjer, heile tida. 

Om ei veke eller to reiser det fleire ungar som er fødd i haust til ein oppdrettar ikkje langt unna. Vi samarbeidar mykje og hjelper kvarandre stadig vekk. 

Om ei lita veke, venter eg at dei første egga skal kome i nokon av kassene på hekkerommet. Det er ikkje blitt noko bytte av partner i hekkebura. Slik det ser ut no, virkar dei som er i bur å ha finne tonen med kvarandre. Om det blir noko resultat med alle, det er ei anna sak.