28. des, 2017

28 des

Det har vore slik ein fin dag!

Blikkstille, snø, eit par kuldegrader og ikkje minst, blå himmel og sol. Ingenting har stått på planlista og eg har hatt god tid til å berre ver ute hos fuglane. Det er så kjekt!! 

I går fekk eg vaska og støvsuga, ala helgavask, slik det også er blitt gjort og eg slapp tenke på det i dag. 

På hekkerommet ser det greit ut i dei fleste hekkebura. Dvs, det er to par eg er usikker på om dei kjem til å finne tonen med kvarandre. Eg gir dei nokre få dagar til og ser. Eg kan ha bomma på hekkemoduset. Det må eg ta høgde for, eller at det handlar om at det ikkje er kjemi mellom fuglane. Noko som også skjer. 

I boligdelen hos fuglane er det kvitring og eit yrandes liv. Mange av dei tok turen ut i det fine veret. Ein unge som kom over frå allbruksrommet i går, flaug også ut i kulda. Det er greit, MEN, det er ikkje alltid at ungane finn vegen inn igjen når dei er så ukjende. Derfor fekk ho berre ver ute i 10-15 minutt før eg henta henne og hadde henne inn i boligen igjen. 

Eg synes temperaturforskjellen blir for stor og for brå til å sjangse på at ho skulle bli ute over timar og kanskje bli nedkjølt og ikkje finne vegen inn, dersom ho fraus.