20. des, 2017

20 des

Med god hjelp og mange timars arbeid spart, er hekkerommet tømt og blitt skikkelig nedvaska. 

Alle hekkebura er gjort rein og desinfisert, og jammen har eg ikkje rekke å fått måla dei opp igjen + fått måla to strøk på 3 nye hekkebur er ferdig. Å ha rekke så mykje før jul, hadde eg aldri i verden trudd det gjekk an. Men å sleppe å stå aleine med alt, utgjer veldig mykje.

Ingen blir sett i hekk før jul og hekkebura er ikkje innreidd. 

I hekkebura brukar eg ikkje greiner frå naturen, men eg brukar trepinnar. Desse kjøper eg i metervare hos ein trelastforhandler. Det er ikkje så mange kronene pr meter og lengdene eg treng, kuttar eg sjølv. Dei har dei i ulik tjukkelse. 

Slike pinnar kan ein også bruke i vanlige bur ein har på stua og det er billigare enn å kjøpe på ein zoo-butikk. 

Det er ikkje så mange som har danna par av dei eg tenker i hekk no. Det er veldig greit. Der er eit par som småtuskar litt med kvarandre og det blir ikkje aktuelt å sette dei i lag. Dette pga ganske så krasj i mutasjonane. Eg er heller ikkje så veldig glad i å blande ein utstillingsfugl med ein vanlig. Då bør i allefall mutasjonane stemme og ver ein god kombinasjon. 

Så er det eit utstillingspar som har slått seg i lag og dei har henge i lag ein mnd eller to. Egentlig, når eg har kikka på dei, så er det slettes ikkje så dumt at dei har finne kvarandre sjølv. Så dei skal få eit bur. 

Utover det må eg berre gruble å tenke og så sjå om fuglane er enig med meg. Er dei det ikkje, ser eg det ganske så fort. Eit par som ikkje har sansen for kvarandre, ser eg ingen henskikt å ha ståande i eit hekkebur over tid. 

Kun ein gong har eg opplevd skikkelig vantrivsel. Den hoa ville virkelig ikkje stå i lag med den hannen eg hadde tenkt. Ho sette seg i burgolvet og der satt ho. Ikkje ville ho ete noko særlig. Etter 4 dagar kom eg til at nei, dette går ikkje og dette skal ho få sleppe. Det var nok lurt. Ho hadde blitt ganske tynn i løpet av dei få dagane. Ho kom ikkje i hekk igjen før tidligare i haust og då fann ho seg make sjølv.