13. des, 2017

13 desember

Julenedvasken er endelig ferdig hos fuglane. Eg visste ikkje om eg ville rekke det før jul, men så laga det seg til med eit par fridagar. Etter å ha teke nokre diskusjonar med meg sjølv, kom eg til at eg tek det skikkelig når eg første er i gong. Karantenerommet/allbruksrommet blei tømd og dei fuglane som har vore på rekreasjon, og ungar som har hatt mellomstasjon før volieret, blei flytta over. 

Alt på rommet blei vaska og desinfisert og rommet blei innreda igjen. Nokre fuglar som har stått i hekkebur har vore klar til å flytte, så dei kom inn i eit nyvaska voliere.

I og med eg var i farta og boligdelen virkelig trengte eit vask, blei alle fuglane jaga ut, vindauget åpna og alt blei kasta ut, og alt blei skrubba, vaska og desinfisert. 

Heldigvis har eg golvbelegg som ligg laust å kan skiftast ut. Hageslangen var fastfrossen, så det var ikkje råd å få spyla og skrubba det. 

Mange likar å strø alspon utover golvet til fuglane. Dette har eg ikkje prøvd før, men eg hadde ein sekk ståande og kom til at eg skal prøve å sjå kor eg likar det. Fuglane virka i allefall å sette pris på det. Dei rota og grov i det, akkurat slik dei gjer ute i sand og stein. 

Der er nokon som driv å legg egg, så spørs kor det går no om alspona er med på å trigge hekkelysta endå meir?

Eller kanskje er det akkurat rett tidspunkt no? 

Eg fekk rydda det meste på hekkerommet i dag. No er det berre eit hekkebur igjen, og eg reknar med at innan jul så er det tomt. 

Å få ta ein grundig vask på hekkerommet er noko eg vil gjer før nye hekkebur og par blir sett inn. 

Utover dagen i dag tina hageslangen såpass at eg fekk gjort reint eit stort D bur å golvbelegg blei spyla og skrubba. Sant eg fekk teke den delen av utevolieret som er under tak. 

Det har gått ganske mange timar, men med ein stor fugleflokk, så blir det forferdelig med støv, frørusk, fjører osv. Alt støvet irriterar litt i halsen. Fuglane bryr seg ikkje, men eg synes det er mykje trivligare når det ser greitt ut og eg veit det ikkje er gammalt rusk osv osv osv, som ligg der. 

Det hadde vore så kjekt om vi kunne fått ei fin jul med rolig ver og gjerne lys og sol der eg får studere fuglane når dei er ute, for parsammensetting. 

Om parsamansetting handlar om mutasjon, finnes det ikkje problem. Genetikken er enkel.

Eit større problem er det når eg sett saman par med tanke på utstilling. Eg forstår ein del og så er det også ting eg ikkje forstår, som eg veit er viktig. Fjørretning forstår eg, men fjørkvalitet, kva er det??

Ein i NUK forklarte meg ein gong, tenk legoklossar. Du har to fuglar der begge har ting du likar veldig godt, men dei tinga er ikkje i ein og samme fugl. Ein hanne har noko som du likar, ei hoe har andre ting. Så tek du "klossane" og sett det saman ein ny fugl, der du tek med dei tinga du likar frå dei to fuglane. 

Eg forstår så godt prinsippet. Så er det det at eg er så subjektiv med mine fuglar. Dei eg har kjøpt inn, har eg kjøpt fordi dei tiltalar meg utan eg analyserar dei. Eg går på følelsen/tiltrekninga, dei som tiltalar meg. Då blir det også litt verre når eg skal gjer så godt eg kan med analyse.....

Det blir uansett veldig spennande. Det er så mange uerfarne hoer no som skal i hekk, og det treng ikkje å gå like bra. 

I dagane før jul, får fuglane leve sitt liv og eg mitt slik det blir jul i huset også. Så får eg sitte i fred og ro, ta meg tid å tenke og studere når det er fri og rolige dagar.