9. des, 2017

9 desember

I går kveld døde ungen som eg tok inn. Instinkta til foreldra var nok der dei skulle ver og det var grunnen til den fekk så lite mat. 

Matlysta var stor med ein gong han kom inn, men så dabba det av. I går kveld tok han kun nokre få bitar før han snudde seg vekk. Kroppen var då kjølig og balansen var ikkje i orden, så eg såg kva veg det ville ta. 

Det er ikkje noko kjekt når det blir slik, men det er så lite eg kan gjer med det. Foreldre som har instinkta der dei skal ver, er noko eg sett stor pris på, sjølv om det betyr at utgangen kan bli lei. 

No er det kun 1 hekkekasse som det er ungar i. Eg har teke vekk 4 kasser, men ungane er framleis i hekkeburet i lag med foreldra. Det er nok ikkje så mange dagane før eg flyttar dei over fleirbruksrommet og volieret som er der. Det er meldt kaldt ei god stund framover og dei kjem ikkje over i volieret før det blir mildare og overgangen på temperatur ikkje blir så stor.