7. des, 2017

7 desember.

Om 2 veker går vi mot lysare tider. LikerLikerLiker

Det er ikkje så lett no å få teke skikkelig vask hos fuglane og eg skulle så gjerne fått lempa ut og gjort skikkelig reint. Enten regnar det i bøtter og spann eller så frys det på. 

Det er ein unge i ei kasse eg har holde litt under oppsikt. Han er veldig sprek, men eg synes den får så lite mat og sakkar bakut i voksteren. 

Eg er av den filosofien at når det skjer i eit kull, då er det noko som ikkje er heilt som det skal. Spesielt om det er dei eldste. 

Dette er den yngste. Eg hadde den over i ei anna kasse for å sjekke kor det gjekk der. Litt mat fekk han, men ikkje nok. Han er såpass stor at han greier å bikke seg ut av kassa, sjølv om eg har høge kantar. I seinettermiddag tok eg den inn i stua. Når han fekk tilbud om oppmatingsfor gitt med skei, heiv han seg glupsk over maten omgåande. 

Kva som er rett å gjer og ikkje, er eg sannelig ikkje sikker på. No er han i allefall innkomen og er svolten, så eg får gi han mat framover å sjå kva som skjer, samtidig som eg tek høgde for at det er ein grunn til han ikkje blir mata skikkelig.