1. des, 2017

1 des

Sjølv kor mykje arbeid det til tider er og det er ikkje så kjekt å gå ut om kvelden når det er mørkt og dårlig ver, så er det også ein virkelig kjekk hobby. 

No er dei siste ungane blitt ganske så store. 4 stk er komen ut av kassene og det blir nok ikkje lenge før det er fleire som tek sin første tur ut. 

Med hektiske dagar der ein er både trøtt og sliten, gir det også lise for sjela å ver på hekkerommet å handtere ungane. No viser "personligheita" til dei eldste. Dei er ganske så løyne å kikke på. Eg har slik sansen for ungar som har guts i kassa. Då veit eg der er vilje og eg ser på heile kropps-språket at dei ikkje er redde, men dei gir beskjed. 

Når ein har interesse for utstilling og synes det er kjekt, er gemytt veldig viktig. Ein veldig redd og nervøs fugl vil ein ikkje få til å vise seg skikkelig i utstillingskassa. Den vil med heile seg vise den er stressa og nervøs. Det er ikkje godt for fuglen og det gjer også oppgåva til dommaren veldig vanskelig ->umulig.

Det er uansett ikkje ok med nervøse fuglar. Dei kan ikkje ha det så veldig bra?

På bildet, ein normalteikna himmelblå gut, akkurat 1 mnd. Kjekk fyr!