28. nov, 2017

28 nov

Vi har hatt to nydelige kalde dagar (til her å ver), med blå himmel, vindstille og sol. 

Utevolieret mitt er stort. Ca 30 m2. Gamledelen har tak over seg, men den nye delen, som blei påbygd for 1,5 år sidan, har berre nettingtak. 

Tidlig i haust blei det sett opp delingsvegg mellom desse to delane, der delingsveggen fungerar som ein stor port som eg kan åpne heilt eller stenge, alt ettersom. 

Når nye ungar kjem over til volieret, forstår dei ikkje å kome seg under tak når det regnar mykje. Dei sitt ute og blir kliss våte og etterkvart avkjølt. Regnar det mykje må eg kikke til dei mange gongar for dag og det er ikkje alltid det er praktisk mulig å få til. 

Slike dagar har eg stengt porten og eg slepp å bekymre meg for ungane. 

Men i går og i dag har porten vore åpen. Det er så kjekt å sjå kor mykje meir aktiv dei er når dei har god plass rundt seg. 

Eg har ikkje berre utstillingsfuglar, men nokre få vanlige. Eg synes det er veldig kjekt eg å ha begge deler. Det er litt forskjell på desse to fugletypane og dei er veldig kjekke på kvar sin måte. 

I haust har eg holde igjen nokre vanlige ungar, slik eg fortsatt har framover og ikkje mister dei linjene eg har av dei, som eg har vore veldig godt fornøgd med. 

Ungen som er på bilde er australsk. Kul