25. nov, 2017

25 nov

Far og to ungar kom ut av hekkeburet i dag og over til allbruksrommet, der mor og to søsken har vore nokre dagar. No skal dei få ver der eit par tre veker før dei får kome over til dei andre i det store volieret. 

Den første ungen i eit anna hekkebur hadde kome seg ut av kassa i dag, så det blir vel ikkje så veldig lenge før dei andre ungane i det buret også kjem småturar ut av kassa. Sjølv om eg støvsugar inne på hekkerommet fleire gongar i veka og vaskar så grundig eg kan ein gong i veka, så ser eg kor støvete der er no når det minkar på med hekkebur. Det klør litt i fingrane i å få tak eit grundig vask av både tak og veggar der inne. Det skal bli greit å få gjort det før det på ny blir å sette inn hekkebura, om få veker.