22. nov, 2017

22 nov

Denne tida på året er ikkje alltid like kjekk. I allefall ikkje når eg har mykje som skulle ha vore gjort reint og fått tørka. 

Det er ikkje så lett å få drege inn alt å få gjort det reint i dusjen. Som f.eks golvbelegg, hekkebur og andre store ting. Ein del likar eg også å få desinfisert, enten med klorin eller Virkon S. Klorin tåler eg dårlig, men det går fint om eg brukar det når eg driv med vaskinga ute. 

Etter mykje dårlig ver, har det samla seg opp ein del ting. I dag måtte eg berre få teke det. Bur og hekkebur blei dusja, skrubba, desinfisert og så skylla før dei blei sett til tørk. Sjølv om badet er stort, blei det ganske fullt.

Hekkekasser blir også grundig skrubba, vaska i klorin og skylla godt, før dei blir sett i steikeovnen, 100 grader i minst 1 time. 

Alt i alt har det gått nokre timar til vaskeing osv i dag. 

No tek det heldigvis ca 3 veker før eg må til med samme runda. I allefall når det gjeld hekkekasser og hekkebur. Då er det fleire ungar som er klar til å forlate hekkeburet.  

Då er det også straks klart for at neste pulje med hekkepar. Eg har ikkje starta å plukke ut par endå. Dagane flyg og det er så mykje ein skal rekke. Mindre blir det ikkje når vi nærmar oss jul. Eg får håpe vi får ei fin romjul, der eg kan ha god tid til å tenke, studere og vurdere og så håpe at fuglane er enig med meg. Kul

 

Jenta på bildet er den samme jenta som er på bilde den 16 november. Då var ho 18 dagar. No er ho 3, 5 veke gammal og det eg såg når ho var 18 dagar, held seg oppe. Dette er ei jente som eg virkelig likar!