15. nov, 2017

15 november

Dei aller eldste ungane i runde nr 2 er komen på turar ut av kassa og om eit par veker er dei stort sett sjølvstendige og treng ikkje å bo hos foreldra lengre. Då blir foreldra flytta til rekreasjon eit par tre veker og hekkeburet blir vaska og desinfisert slik det står klar når neste pulje skal inn på hekkerommet. 

Nokre hekkebur er under bygging. Det er ikkje så lett å få tak i frontar, men eg fekk 3 nye kjempeflotte frontar av ein anna oppdrettar, som han hadde fått feilsendt. Her passar dei veldig fint.

Eg vil ikkje ha enkeltståande vanlige bur. Eg har brukt nokre få i denne omgongen og eg vil ikkje ha dei, så eg håpar og trur at resten av hekkebura er på plass om ikkje lenge. 

No har andre ungar begynt å vise litt kva dei er av fargar. Artig. Det eg observerte for ikkje så lenge sidan med å plukke ut nt ungar med ein gong dei er klekt, stemmer også. Når ein brukar genetikken og "legg saman" , veit ein også stort sett kva dei er dei ungane som ikkje er NT i kullet.