10. nov, 2017

10 november

Det klekker i kassene og det er så kjekt! Det går fint og det er fortsatt egg igjen som skal klekke.  Eine hoa er ikkje så alt for flink å mate heilt nyklekte, så ho er under litt ekstra observasjon. Heldigvis er fleire par i hekk, så det er ikkje noko problem å gjer litt bytte. I går såg det ut som ho fekk litt meir dreisen på det, så eg håper at ungen som skal bli klekt i morgo, blir mata av henne og den kan få ligge i fred. 

Mange lurer på om foreldra ikkje gjer forskjell på ungane og ikkje godtek om der kjem ein ukjend unge i kassa. Det har til dags dato aldri vore noko problem og det at eg har kunne lagt over ungar i andre kasser, har nok berga nokre ungar desse åra. 

Det som står for tur snart, er fargane på ungane. Eg veit stort sett kva som kjem, men det betyr ikkje at det ikkje er spennande å sjå kva kvar enkelt unge blir. Kanskje har dei også ei reccesiv arv som eg ikkje kjenner til, som vil vise seg på ein unge eller to? 

Når ungane nærmar seg 3 veker, ( utstillingsundulatane) er det også veldig spennande. Då kikkar eg ikkje etter mutasjon eller farge, men korleis ungane utviklar seg kvalitetsmessig. Vi kan få små hint om det i denne alderen, men ikkje alltid. 

Eg har ikkje tenkt så vveldig mykje på parsammensettinga som skjer når eg byttar par rundt årsskiftet. 

Utstillingsundulatar blir det. Då er det stort sett berre uerfarne hoer, som blei fødd her i fjor. Eg har nokre få par der eg går kun for mutasjon som eg vil ha fram. Utover det så får eg berre sjå kva eg gjer. Det er ikkje nokon som held saman som gamle etablerte par, men dei skiftar partner både titt og ofte. Eg er ikkje så veldig glad i å skille par som har holde i lag i lange tider, så det unngår eg om eg kan. Det ser heldivis ut som eg kan sleppe det ved hekkebyttet.