3. nov, 2017

3 november

Med opphold, om enn sterk kuling til liten storm ei stund i dag, kom eg til det var ein fin dag å få teke ein grundig vask på hekkerommet, samt fleirbruksrommet. Alt eg  kunne kaste ut, blei kasta ut, spyla og skrubba. I blåsten tørka det veldig fort.

 

Eit hekkebur blei også skrubba og desinfisert og sett vekk. 

No skal dei som er på hekkerommet få gjer seg ferdig. Når dei er ferdig, er alle i volieret, med unntak av ei jente, komen til alderen der dei kan gå i hekk. Då blir det gjort eit bytte. No er det igjen å starte å tenke sammensetting av par. Det er eit skikkelig herk! 

No har eg nokre få fuglar på fleirbruksrommet. 3 par som er komen ut av hekk. Dei får seg no eit par tre veker på rekreasjon. Eg har også nokre få ungar der.

Med så få fuglar på rommet, er der ganske så rolig. Dei får også samme oppvartning som dei får på hekkerommet. Då får hekkepara litt tid å hente seg inn igjen, før dei kjem over i volieret. 

Ungane som er der, får prøve seg på voliereliv-light, før dei skal over til dei andre. 

Det er klekt 3 ungar i 3 ulike kasser i dag. Eg måtte berre studere dei litt og gjer mine notatar. I den eine kassa ville ikkje mor flytte seg meir enn at eg akkurat såg der var ein unge. I den kassa er begge foreldra uerfaren, så eg får ta ein kikk seint i kveld å sjå om den har får mat. Det er så greit i dei kassene der foreldra kjem raskt i gong med mating. Eg har back-up par, men absolutt kjekkast når eg slepp å gjer bruk av det.