2. nov, 2017

2 november.

Dette å studere ungar når dei er nokre dagar gammal, er ei greie eg har synes har vore innmari artig over fleire år. Nokon mutasjonar kan vi sjå kva dei er med ein gong dei er klekt, som isabell, ino og lw. 

Nokon kan vel sei at vi får tidsnok vite kva dei er. Jada, det gjer vi, men desse bittesmå detaljane som fortel mykje, synes eg er kjekt. 

Så oppdaga eg for veldig kort tid sidan noko eg ikkje fattar eg har vore obs på før! No er nye studier i gong, med billedtaking og "loggføring", sjølv om eg er ganske så sikker på eg har rett i det eg ser. 

I ei kasse er far AB og mor er nt. Foreløig er det klekt 3 ungar. Nr 3 i natt/dag tidleg. 

Nr 1 er 5 dagar, så den er det lett å sjå den er nt. Nr 2 er 3 dagar, men eg ser at den også er nt.

Nr 3, den er eg rimelig sikker på er AB. (bilde)

Om eg skal kikke på skyggane på kroppen, ser vi om ein fugl har normalt teikningsmønster når dei er 5-6 dagar gammal. 

Hos AB ser vi mønsteret når dei er 7-8 dagar gammal, så det tek ikkje så veldig mange dagar før eg får svaret eg meinar eg har.

Det er dei som er normalteikna som eg ser noko eg ikkje har lagt merke til og avvika frå det, må bety at dei ikkje er nt.

Når eg tek arvelæra mht mor og far, så veit eg at det kan kome nt og ab i kassa. Der for tenker eg at 1 og 2 er nt og nr 3 ab.

Det eg IKKJE veit er evt splittar som kan ligge skjult.  Dei vil nok også avvike frå det eg ser på dei som er nt. Dette skal eg finne ut i løpet av vinteren! LikerLiker