28. okt, 2017

28 oktober.

Eg synes det er litt ekstra spennande no mht hekkekassene. No har det akkurat klekt i 3 kasser hos par eg har litt ekstra håp mht utstilling. Har eg gjort rette kombinasjonar? Samstemmer linjene og går over ens? Klaffar det slik at ungane henter fram det beste frå både mor og far? Går alt bra med ungane? 

Kunne ikkje anna enn å le i dag når eg hadde morgenstellet. Eg har hekke-kort på kassene der eg noterar opp dato for når egg er lagt, der det også er rubrikk for klekkedato, ringnr osv. 

I eine kassa hadde eg markert at egg nr 1 var tomt og eg venta klekking av egg nr 2 i dag. Men når eg kikka i kassa, låg det ein unge i kassa. Den var slettes ikkje nyklekt. Om den er 2 eller 3 dagar gammal, aner eg ikkje. Godt med mat hadde den og alt var berre velstand. Mor har vore i hekk før hos meg. Far er førstegongshekkar. Kva egg som egentlig er tomt, det veit eg ikkje, men eg finn det vel ut. Kul