27. okt, 2017

27 okt.

Det har vore mykje å henge fingrane i ei stund, men no er det nok snart tilbake til normalen. Kul

Forrige helg var det Landsutstilling i Drammen. Det er noko ein må få med seg. Vi var fleire frå dette området som reiste i følge nedover. Det er veldig kjekt. 

På ei landsutstilling er det ganske hektisk. For oss som reiser så langt, blir det i realiteten laurdag som er dagen der alt skjer. Då starter det tidlig på føremiddagen med dømminga for undulatar. Når den er ferdig, er det å springe rett på møte/årsmøte hos NTL, som NUK også er ein del av. 

Det er ikkje lange tida ein har å slappe av på, før det er vidare til festmiddag og premieutdeling. 

Heldigvis var det fine vegar når vi skulle heim. Det var langt verre for dei som skulle over til Sørvestlandet og køyrde via Sørlandet. Nokon kom seg så vidt igjennom flaumen. Andre måtte køyre ein lang omveg for å kome heim. 

Når eg har vore vekke heimanfrå nokre dagar, blir ikkje det støvsuga, kosta osv osv, slik eg gjer på jamna i hekkebolig og fuglehus, så det blei ein del å ta igjen. 

Eit par klasser på barneskulen her har venta i 3 veker på å få kunne kome på besøk i volieret. 

Det er kjekkast når veret er fint, men veret rår vi så lite med og i samråd med eine læraren, kom vi til at vi måtte ta sikte på onsdag. 

Det blei eit innmari koselig besøk. Elevane var så nyskjerrig og det var så mykje dei lurte på! Eg er ganske så imponert over spørsmåls-stillinga deira og evna til å oppfatte/forstå. 

For meg som har ei greie med å like spørsmål, fundere, stille spørsmål tilbake og utfordre litt, fauk tida og eg storkosa meg rett og slett. 

Det var nokre ungar som retta opp handa når eg spurte om det var nokon som synes det var bittelitt skummelt å gå inn til fuglane. Men, når eg forsikra dei om at ingen fuglar ville bite dei eller kome å lande på dei, og at eg skulle ver i lag med dei heile tida, tok nyskjerrigheita overhand og til slutt hadde alle vore inne. Ikkje hadde dei lyst å gå ut igjen heller når det var neste lille pulje sin tur. 

Nokon vil ikkje ha folk inn på hekkerommet. Der er ikkje eg. Når eg sa til ungane at vi er kun få om gongen som får lov å gå inn på hekkerommet, og vi må ikkje forstyrre foreldra, fordi dei då kan gå av egga sine, blei det oppfatta omgåande. Eg har ikkje mange ungane i kasser no ( stort sett berre egg), men eg har i allefall ei kasse med såpass store ungar at eg kunne ta ut to av dei, slik elevane kunne få lov å holde dei litt. Synes det er imponerande eg at dei elevane som var mest skeptisk, turte å holde eller stryke på ungane. 

For litt over to veker sidan var her nokre på dagsenteret på besøk. 

For meg er fuglar noko heilt normalt og ein del av min kvardag. For andre er dette ein stor opplevelse og ei heilt ny og kanskje eksotisk? verd. 

Tilbakemeldingane eg har fått frå både dagsenter og skule, er at dei hadde det så kjekt! 

Det å kunne gi nokon ei lita stund med ein god opplevelse, det gir meg noko også. Kul